Squarepusher spelar eigen musikk med liveband.
Rock
Shobaleader One:
Elektrac
Warp Records
Den britiske artisten best kjend under pseudonymet Squarepusher har jobba mest med elektronisk musikk i harde og hektiske sjangrar som drill ’n’ bass og breakcore, men ofte med eit jazzete, silkemjukt tilsnitt. Med albumet Just a souvenir frå 2008 hadde han tatt den faktiske elbassen fatt og hamra i hop ei plate som sprang ut or ein dagdraum om eit futuristisk band som spelte på alskens ikkje-eksisterande, høgteknologiske, utanomjordiske instrument, og freista å nærme seg måten eit slikt band ville låte. Shobaleader One er ei vidareføring av denne ideen, og er eit band med ekte, fysiske medlemmer.
Nytolkingar
d’Demonstrator frå 2010 var første utflukt med dette nye bandet. Der d’Demonstrator var eit studioeksperiment spekka med vocodervokal, er Elektrac eit live instrumentalalbum. Besetninga består av synth, gitar, bass og mykje trommesett. Nokre av låtane leflar heftig med fusion jazz, stundom dubstep eller funk som kunne passa ein 70-tals blacksploitation-film som fot i hose, og mange av dei er nytolkingar av klassiske Squarepusher-låtar.
Fusioninspirert
Det var først då eg kom fram til sistesporet, «Journey to Reedham», som er ein god, gamal Squarepusher-klassikar, at eg ramla pladask for det Shobaleader One driv med. Elektrac har litt for mykje til felles med eldre fusion, som Mahavishnu Orchestra, Return to Forever og Herbie Hancocks Headhunters, til å skulle agere som eit futuristisk band, men samstundes dukkar det stadig fram noko merkeleg og uventa mellom taktslaga.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Rock
Shobaleader One:
Elektrac
Warp Records
Den britiske artisten best kjend under pseudonymet Squarepusher har jobba mest med elektronisk musikk i harde og hektiske sjangrar som drill ’n’ bass og breakcore, men ofte med eit jazzete, silkemjukt tilsnitt. Med albumet Just a souvenir frå 2008 hadde han tatt den faktiske elbassen fatt og hamra i hop ei plate som sprang ut or ein dagdraum om eit futuristisk band som spelte på alskens ikkje-eksisterande, høgteknologiske, utanomjordiske instrument, og freista å nærme seg måten eit slikt band ville låte. Shobaleader One er ei vidareføring av denne ideen, og er eit band med ekte, fysiske medlemmer.
Nytolkingar
d’Demonstrator frå 2010 var første utflukt med dette nye bandet. Der d’Demonstrator var eit studioeksperiment spekka med vocodervokal, er Elektrac eit live instrumentalalbum. Besetninga består av synth, gitar, bass og mykje trommesett. Nokre av låtane leflar heftig med fusion jazz, stundom dubstep eller funk som kunne passa ein 70-tals blacksploitation-film som fot i hose, og mange av dei er nytolkingar av klassiske Squarepusher-låtar.
Fusioninspirert
Det var først då eg kom fram til sistesporet, «Journey to Reedham», som er ein god, gamal Squarepusher-klassikar, at eg ramla pladask for det Shobaleader One driv med. Elektrac har litt for mykje til felles med eldre fusion, som Mahavishnu Orchestra, Return to Forever og Herbie Hancocks Headhunters, til å skulle agere som eit futuristisk band, men samstundes dukkar det stadig fram noko merkeleg og uventa mellom taktslaga.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.