JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Shoegazingpionerane leverer eit solid comeback etter 22 års fråvær.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1590
20170526
1590
20170526

Rock

Slowdive:

Slowdive

Dead Oceans

Sjangeromgrepet shoegazing skildrar essensielt sett kroppsposituren til ein shoegaze-gitarist: ryggrada bøygd og blikket festa på omfattande effektpedalbrett for å koordinere kompliserte knottrykkingskoreografiar. Resultatet er flytande, draumeaktige lydteppe som omsluttar lyttaren i eit sonisk skumbad som manar fram reiser gjennom stjernehimmelen og late dagar på stranda likeins.

Blant pionerane i sjangeren finn vi Slowdive, eit britisk band som starta opp i 1989, inspirert av mellom andre Sonic Youth, My Bloody Valentine og Talk Talk, så vel som New York-minimalistsamtidsmusikk som Steve Reich og Philip Glass. Bandnamnet er lånt frå ein Siouxie and the Banshees-song, og plata med same namn er den første dei gjev ut på 22 år.

Lydbiletet er enkelt, men samstundes omfattande: Tydelege, lett melankolske melodiar blir framførte med fredsæle elgitarlydar og silkemjuk vokal, underbygde av varme bassliner og brusande, feiande synthar. Dei drivande trommerytmane er nedstrippa, kompakte og konsise, smakfullt krydra med delikat cymbalornamentikk. Dei åtte spora på «Slowdive» er eit framifrå comeback som det er vanskeleg å seie noko negativt om. Plata er nøktern og storslegen på same tid, og lydane flyt saumlaust saman i herleg harmoni. Å lytte til denne musikken er som å få ein avslappande, oppkvikkande hjernemassasje, som den betre halvdelen til underteikna kritikar så treffande formulerte det.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis