Shabazz Palaces byr på eksperimentell hip-hop om teknologislaveri.
Hip-hop
Shabazz Palaces:
Quazarz vs. The Jealous Machines og Born on a Gangster Star
Sub Pop
Den eksperimentelle, Seattle-baserte hip-hop-duoen Shabazz Palaces gav nyleg ut sitt tredje og fjerde album samstundes. Dei to platene fortel ei musikalsk science fiction-soge, formidla gjennom vektlause, kosmiske synthlydar, afrikansk og afro-kubansk perkusjon, leiken effektbruk og ein abstrahert, bitande samfunnskritisk libretto som rører ved det slaveaktige forholdet vi har til teknologi.
Feststemd
Born on a Gangster Star er den mest feststemde halvdelen av denne tandemutgjevinga, og gir eit innblikk i utanomjordingen Quazarzs ut-svevande liv som gangsterrappar på ein framand planet, Jorda. Quazarz kjem frå ein stad kalla The United States of Amurderca, truleg på The Gangster Star i the Black Constellation. I Amurdica drep samfunnet det meste: «We killed facts, we killed attention», får vi høyre på opningssporet på Quazarz Vs. The Jealous Machines. Omslagsbiletet syner ein brokete guteklubb i tilbakelent feststemning. Her ligg smarttelefonar strødde blant våpen og pengar på bordet, og det vert flittig dampa på ein lysekrone- og vasspipehybrid samansett av nidkjære apparat av det slaget som sug til seg stadig meir av konsentrasjonsevna til menneskeætta.
Forfriskande
Musikken er, på si side, av det slaget som det løner seg å vie merksemd til, og saman dannar dei to albuma ein heilskap som er musikalsk forfriskande, med tankevekkjande lyrikk.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Hip-hop
Shabazz Palaces:
Quazarz vs. The Jealous Machines og Born on a Gangster Star
Sub Pop
Den eksperimentelle, Seattle-baserte hip-hop-duoen Shabazz Palaces gav nyleg ut sitt tredje og fjerde album samstundes. Dei to platene fortel ei musikalsk science fiction-soge, formidla gjennom vektlause, kosmiske synthlydar, afrikansk og afro-kubansk perkusjon, leiken effektbruk og ein abstrahert, bitande samfunnskritisk libretto som rører ved det slaveaktige forholdet vi har til teknologi.
Feststemd
Born on a Gangster Star er den mest feststemde halvdelen av denne tandemutgjevinga, og gir eit innblikk i utanomjordingen Quazarzs ut-svevande liv som gangsterrappar på ein framand planet, Jorda. Quazarz kjem frå ein stad kalla The United States of Amurderca, truleg på The Gangster Star i the Black Constellation. I Amurdica drep samfunnet det meste: «We killed facts, we killed attention», får vi høyre på opningssporet på Quazarz Vs. The Jealous Machines. Omslagsbiletet syner ein brokete guteklubb i tilbakelent feststemning. Her ligg smarttelefonar strødde blant våpen og pengar på bordet, og det vert flittig dampa på ein lysekrone- og vasspipehybrid samansett av nidkjære apparat av det slaget som sug til seg stadig meir av konsentrasjonsevna til menneskeætta.
Forfriskande
Musikken er, på si side, av det slaget som det løner seg å vie merksemd til, og saman dannar dei to albuma ein heilskap som er musikalsk forfriskande, med tankevekkjande lyrikk.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?