Schanches oppvakning
Ensemblet yter musikken til Schanche musikk full rettferd.
Jazz/samtids-
musikk
Vidar K. Schanche:
Awakening
Vidar Schanche, gitar, Dag Sindre Vagle, vokal og gitar, Nils Økland, fiolin og hardingfele, Arild Hoem, saksofonar, John Lilja, bass, Ståle Birkeland, trommer og Eva Bjerga Haugen, vokal (10). Bekkrecords
Vidar K. Schanche er ein musikar du garantert har høyrt viss du følgjer med på kva som skjer på jazzscenen i Stavanger. I tillegg til sitt eige prosjekt EGG3 har han jobba med så vidt ulike konstellasjonar som Kitchen Orchestra, Morten Abel, Janove Ottesen, Pål Jackmann og Gunhild Seim – for å nemna nokre.
Prisa
I 2014 fekk Schanche Morten Mølster-prisen, og året etter var han klar på Maijazz med premiere på tingingsverket Awakening. Han har samarbeidd med den britiske tekstforfattaren Ray Kane, og Awakening er blitt eit suiteliknande verk med ein gjennomgåande tematikk som går inn i spaningsfeltet draum/røyndom og saknet etter det som ein gong var.
Mektig
Musikken kan vera mektig, ja, nærast brutal, som «Grey Line 2», eller det motsette – neddempa, melodisk og poetisk i «Warming Lights». Men ein verbal og musikalsk raud tråd bind desse motsetnadene saman, og dette er Schanches store forteneste. Han skal også ha stor ros for å ha sett saman eit band som tilfører musikken særpreg. Å høyra Nils Økland i denne samanhengen er nesten som ei oppvakning i seg sjølv, men alle musikarane viser seg frå si aller beste side. Skal ein få til noko slikt, må ein ha ein orkesterleiar som viser tillit og samstundes veit kva han er på jakt etter.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz/samtids-
musikk
Vidar K. Schanche:
Awakening
Vidar Schanche, gitar, Dag Sindre Vagle, vokal og gitar, Nils Økland, fiolin og hardingfele, Arild Hoem, saksofonar, John Lilja, bass, Ståle Birkeland, trommer og Eva Bjerga Haugen, vokal (10). Bekkrecords
Vidar K. Schanche er ein musikar du garantert har høyrt viss du følgjer med på kva som skjer på jazzscenen i Stavanger. I tillegg til sitt eige prosjekt EGG3 har han jobba med så vidt ulike konstellasjonar som Kitchen Orchestra, Morten Abel, Janove Ottesen, Pål Jackmann og Gunhild Seim – for å nemna nokre.
Prisa
I 2014 fekk Schanche Morten Mølster-prisen, og året etter var han klar på Maijazz med premiere på tingingsverket Awakening. Han har samarbeidd med den britiske tekstforfattaren Ray Kane, og Awakening er blitt eit suiteliknande verk med ein gjennomgåande tematikk som går inn i spaningsfeltet draum/røyndom og saknet etter det som ein gong var.
Mektig
Musikken kan vera mektig, ja, nærast brutal, som «Grey Line 2», eller det motsette – neddempa, melodisk og poetisk i «Warming Lights». Men ein verbal og musikalsk raud tråd bind desse motsetnadene saman, og dette er Schanches store forteneste. Han skal også ha stor ros for å ha sett saman eit band som tilfører musikken særpreg. Å høyra Nils Økland i denne samanhengen er nesten som ei oppvakning i seg sjølv, men alle musikarane viser seg frå si aller beste side. Skal ein få til noko slikt, må ein ha ein orkesterleiar som viser tillit og samstundes veit kva han er på jakt etter.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?