JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Polsk-norsk forbrødring

Fem års samarbeid og samspel resulterer i eit sterkt og mangfaldig uttrykk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1623
20180105
1623
20180105

Jazz

Maciej Obara Quartet:

Unloved

Maciej Obara, altsaks; Dominik Wania, piano; Ole Morten Vågan, bass; Gard Nilssen, trommer. ECM 2573

Sjølv om Maciej Obara har komponert alle låtane utanom tittelkuttet, som er ført i pennen av den langt meir kjende landsmannen Krzysztof Komeda, og bandet ber Obaras namn, er dette ein felles manifestasjon. Komposisjonane er langt meir enn skisser, men dei er likevel opne for intervensjon.

Intervenert til gagns har dei gjort alle fire i Rainbow Studio for om lag eit år sidan. Kvartetten har ei kollektiv tilnærming til det å skapa musikk. Her rår ikkje eit tradisjonelt solist­–komp-mønster grunnen. Her får musikalske idear utvikla seg side om side, eller den eine ideen inspirerer og går saumlaust over i den andre, som i den friske og raske «Echoes». Den energiske låten bryt med stemninga på plata elles, men representerer eit forfriskande og kjærkome oppbrot. Likevel er det heilt i tråd med det overordna musikalske konseptet at dei tek det heilt ned på slutten av låten og skapar ein perfekt intro til den impresjonistiske balladen «Storyteller». Det frie samspelet mellom Wania, Vågan og Nilssen her er nok eit høgdepunkt på plata.

Obara og Wania møttest for ti år sidan i bandet til Tomasz Stanko. Kvartett vart dei for vel fem år sidan. Dette er travle musikarar, og det er ikkje så ofte dei får høve til å spela saman. Men at dei har spelt saman ein del, etterlét ikkje plata tvil om.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis