JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Ode til eineveldet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3302
20171006
3302
20171006

CD

Georg
Philipp
Telemann:

Festmusik für Altona

Barockwerk Hamburg;
dir.: Ira Hochman. CPO 2017

Når det gjeld den tyske barokkomponisten Georg Philipp Telemann (1681–1767), er der stadig nytt under sola: I eit musikkarkiv som etter andre verdskrigen blei ekspedert austover til Armenia, og no er ført attende til universitetsbiblioteket i Hamburg, har det dukka opp ei rekkje ukjende Telemann-komposisjonar. Mange av desse blei komponerte for Altona, det som i dag er ein bydel nordvest i Hamburg, men frå 1640 til 1864 var det ein viktig dansk hamneby som hyste Europas fyrste frihamn.

Arkivfunnet syner at Telemann, som var musikkdirektør i Hamburg, nytta mykje tid på slike danske oppdrag, faktisk så mykje tid at Hamburgs byråd måtte minna han på at det var i Tyskland han var tilsett, ikkje i Danmark. Det er to slike tingingsverk det ypparlege ensemblet Barockwerk Hamburg har spelt inn på det uvanleg interessante albumet Festmusik für Altona.

«Danskanes Athen»

Dei to verka på plata er svært ulike. Det eine er ein latinsk ode, Nunc auspicato sidere prosperum affulget aevum («Under ei lykkebringande stjerne stråler no ein lukkeleg tidsalder»). Oden er tileigna Frederik V., Danmark-Noregs konge frå 1746 til 1766, som var ein populær regent, trass i at han åtte større talent som begersvingar enn som riksstyrar. Librettoen hyllar kongen som «musenes fyrste» i «danskanes Athen» (København), og er tonesett på gamaldags, lærd vis: Fire songarar framfører polyfone korsatsar som minner meir om kyrkjemotettar frå 1600-talet enn verdsleg 1700-talsmusikk.

Hundreårsjubileum

Langt prektigare er det andre stykket på plata, Die dicken Wolken scheiden sich («Det tjukke skylaget skil seg») frå 1760, som markerte hundreårsjubileet for eit dramatisk år i den dansk-norske soga: I 1660 var det økonomisk krise i København etter ein serie krigar mot Sverige, der svenskane mellom anna hadde tvinga til seg Jemtland, Herjedalen og Båhuslen frå Noreg. Kong Frederik III, som sat på trona frå 1648 til 1670, ville skriva ut nye skattar som råka adelen. Men sidan skattefridom var eit av dei grunnleggjande privilegia til adelsmennene, nekta dei å gå med på dette. Presteskapet og borgarane samla seg då bak eit radikalt forslag frå kongen om å innføra arvekongedømme, noko som frårøva adelen makta til å velja monark. Same hausten gjorde Frederik III seg så til eineveldig herskar over tvillingrika.

Kongelege attributt

Festmusikken er på oratorisk vis sett saman av kor, resitativ og ariar, der koret representerer «Danmarks undersåttar», og resitativa og ariane blir framførte av allegoriske figurar som personifiserer «minnet», «betraktninga» og «Danmarks skytsånd». Verket har kongeleg sus over seg, for det er med paukar og trompetar, instrument som tradisjonelt er kongelege attributt i musikken.

Sjølv om Telemann i 1760 var mest 80 år gamal, er tonespråket overraskande moderne for si tid. Harmonikken er nemleg enklare, klangteksturen i orkestersatsen tynnare og det er meir fokus på toppmelodien enn det som var vanleg i høgbarokken. Desse stilelementa peikar fram mot wienerklassisismen i musikksoga – eit prov på at den aldrande komponisten åtte ei imponerande evne til å fornya seg.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis