JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Moon Duo følgjer opp ei sterk plate om mørkret med ei langt svakare ei om ljoset.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1616
20170505
1616
20170505

Rock

Moon Duo:

Occult Architecture Vol. 2

Sacred
Bones

Den krautrockinspirerte trioen Moon Duos Occult Architecture er eit slags todelt konseptalbum som tar for seg yin og yang, det kjende, urgamle kinesiske symbolet som minner om at ting og tang har både ei ljos og ei mørk side, at ein ikkje kan ha det eine utan det andre, og at alt er eitt. Volum to av prosjektet set yang – den ljose sida – i rampeljoset, og ser ut til å vere tenkt ut som ein metaforisk, musikalsk soloppgang.

Occult Architecture Vol. 2 startar høveleg lovande med «New Dawn», eit spor med halvt melankolsk, halvt oppstemd vokal, drivande monotone trommerytmar, spretten synthbruk og kunstferdig gitarsolokrydderi. Truleg skal det fungere som ein slags soloppgangsinspirert overgang frå den dystre førreplata. Andresporet, «Mirror’s Edge», er tufta på eit banalt, heismusikkliknande gitarriff, og kunne kan hende fungert i heilskapen, hadde det ikkje vore for det ekstremt klisjéprega tredjesporet «Sevens». Her lèt akkordprogresjonen, som vert repetert gjennom den over seks minutt lange låten, pinleg lik både det eine og det andre. Fjerdesporet «Lost in Light» og avslutninga «Crystal World» meistrar ikkje å løfte stemninga.

Moon Duo mana fram ei meditativ, hugtakande stemning med sine repeterande vampar på Vol. 1 (og ikkje minst på konserten dei spelte på Blå i Oslo berre for nokre veker sidan), men eg må dessverre melde at dette ser ut til å vere eit band som kler mørkret best.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis