JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Midnight Sister debuterer med ein snodig orkesterpopkabaret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1573
20170929
1573
20170929

Pop

Midnight Sister:

Saturn Over Sunset

Jagjaguwar Records

Den kaliforniske duoen Midnight Sister lagar skakk popmusikk tufta på solid handverk. Debutplata Saturn Over Sunset læt merksnodig og mystisk, men på same tid merkeleg velkjend. Her blandar dei easy listening med samtidsmusikkaktig eksperimentering, og David Bowie- og T-Rex-glamour med ein Twin Peaks-aktig ustabilitet.

Plata opnar med ein voggesong akkompagnert av forsiktige klokkespel og fløyelsmjuke fløyter, men alt etter første vers vert det heile brote av med eit kakofonisk arrangement av halvdissonerande strykarar, analoge romvesen-synthlydar, dramatisk bassing og skakkøyrde marsjtrommer, før vi vert returnerte til mor sin song ved vogga. Voggesongen er eit velkjent skrekkfilmmusikktema – tenk berre på filmar som Rosemary’s Baby. Det er ein slik ambivalens, mellom det roande og urovekkjande, det konvensjonelle og skakkøyrde, som pregar plata.

Vokalisten Juliana Giraffes dempa, mørke vokal – dels kabaretartist, dels 60-tals rockestjerne, dels 30-tals jazzdiva – flyt elegant av garde på Ari Bazoulians bølgjer av forsiktig variert instrumentering. Bazoulian har bakgrunn frå klassisk musikk, og meistrar å komponere fengjande arrangement som saumlaust sklir fram og tilbake mellom dei forskjellige motiva og stemningane. Saturn er ein androgyn guddom, og debutplata til Midnight Sister er òg vanskeleg å setje i bås – noko som berre gjer henne meir interessant.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis