Mangfaldig, men hovudvekt på gitarstilskaparen Rypdal.
JAZZ
DIVerse
ARTISTAR
Sky Music: A Tribute to Terje Rypdal
Hedvig Mollestad Thomassen (2,3,5,6 og 9), Reiner Fiske (2,3,6 og 9), Even Helte Hermansen (2,3,5 og 6), Henry Kaiser (2,3,5 og 6), Raoul Björkenheim (2 og 6), Hans Magnus Ryan (6), Bill Frisell (1), David Thorn (7), gitar, Nels Cline (4), gitar, bass og loopar, Jim O’Rourke, pedal steel, gitarsynth, akustisk gitar, synth og bass (9), Erik Friedlander (4) cello, Ståle Storløkken (2,3,5,6 og 8), tangentinstrument, Ingebrigt Håker Flaten (2,3,5,6 og 9), bass og Ivar Gard Nilssen (2,3,5,6 og 9), trommer.
RUNE GRAMMOFON RCD 2194
På onsdag som var, fylte Terje Rypdal 70 år. Han er tvillaust ein av dei norske musikarane som har hatt størst innverknad på instrumentkollegaene sine. No har det blitt hyllingsplate med den amerikanske gitaristen Henry Kaiser som initiativtakar. Han har fått med ti gitaristar og fire andre musikarar på plata. Dei fleste musikarane var med i Halden, der det meste av musikken blei spelt inn for eit år sidan. Frisell, Cline/Friedlander, Torn og O’Rourke har teke opp bidraga sine anna stad. (Eit volum 2 er i emning, på vinyl.)
Musikken er henta frå mange av Rypdals plater, men alt saman er frå utgjevingar på 70-, 80- og 90-talet. Samlar ein ti gitaristar til ei hylling, er det naturleg at det er gitaristen Terje Rypdal som kjem i fokus. Likevel gjer både Cline/Friedlander og Ståle Storløkken ærbødige nikk til komponisten Rypdal med dei klanglege og harmonisk sofistikerte bidraga sine. Særleg sistnemnde serverer noko ekstra minneverdig gjennom medleyen «Dream Song/ Into The Wilderness/ Out of This World».
Musikken er variert i tempo og temperament. «Tough Enough/ Rolling Stone/ Tough Enough» har teke Rypdal på kornet med ein støyande intro, ei lyrisk gitarlinje, ein dampande vamp ispedd ein klassisk Rypdal-riff med ein jamliknande gitarsolostafett som svevar over «vatna». Det tonar ut i Miles Davis-stil, rettare sagt svært så Jack Johnsonsk. Bill Frisell lèt i sitt solobidrag som ein kimonokledd Hank Marvin i den flegmatiske tolkinga «Ørnen». Her er variasjon så det rekk, og mykje av dette er stødig losa i land av tospannet Ingebrigt Håker Flaten og Gard Nilssen. Ei sjeldan fin årmålsgåve, men det er jammen fortent!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazz-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?