Lyrisk, lystig og burlesk
Hennig Sommerro gjev oss ei nyttig påminning om at sjangerinndelingane er upresise.
Populærmusikk?
Henning Sommerro:
Brimi / Fem nordiske portrett
Per Sæmund Bjørkum, fele; Jon Faukstad, akkordeon; samansett strykeorkester jps Records
Det er slapp skriving å innleia ei platemelding med å sitera frå tekstheftet. Men i dette tilfellet er presentasjonen til Arild Hoksnes ei nødvendig påpeiking av det utilstrekkelege ved nemningane «folk», «populær», «klassisk» eller «seriøs», som me ofte tyr til når me skal snakka om musikk på ein enkel måte. Hoksnes skriv: «Dette er ein CD med populærmusikk som nektar å gi seg. (…) Dette er musikk det norske folk svinga seg til i dansen, eller lytta til i kvardag og fest. No er begge musikkformene ein liten nisje i musikklandskapet, med merkelappar dei lever godt med – folkemusikk og trekkspelmusikk.»
Henning Sommerro er sjølv eit musikkmenneske som har tufta heile karrieren – dersom ein skal ty til eit simpelt omgrep – på å snika seg unna alle desse estetiske idrettsgreinene han er ein meister i, men ikkje vil lata seg binda av.
to suitar
Dei to suitane på denne plata er båe tufta på noko som var omtykt musikk av mange (det såkalla folket), men no har vorte musikk for dei spesielt interesserte: Per Sæmund Bjørkum, som både er klassisk fiolinist og folkemusikar, er solist i verket, som er basert på repertoaret til Gudbrandsdalens store felespelar, Hans Brimi, og Jon Faukstad (med tilsvarande dobbelkompetanse) er solist i eit tilsvarande verk der fem av dei fremste nordiske trekkspelheltane (i ikkje-ironisk tyding), frå valsespelemenn til avantgardistar, er siterte og dermed hylla.
lystig og burlesk
Komponisten Sommerro fornektar seg ikkje: I felesuiten er han lyrisk, som han òg er i den omtykte poplåten «Vårsøg» og i melodiane til Edvard Hoems salmetekstar, men i trekkspelsuiten er han lystig og burlesk, som på Kirkelig kulturverksteds Neonlys på Wergeland, med stuntprega song og musikk. Slik sett er Sommerro kontroversiell på ein konstruktiv måte: ved å fornekta den gode smaken, anten han er «folkeleg», «populær» eller «kunstnarleg». Brimi / Fem nordiske portrett er velskriven og godt framført. Oppkvikkande – både for tanken og hugen.
SIGBJØRN APELAND
Sigbjørn Apeland er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.