JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

L.A. Witch speler raffinert, ambivalent garasjerock.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1582
20170922
1582
20170922

Rock

L.A. Witch:

L.A. Witch

Suicide Squeeze Records

L.A. Witch starta opp i 2011, og har fått rykte på seg som eit framifrå liveorkester. Parallelt med den iherdige turnéverksemda, har nokre smakebitar kome ut i form av singlar og EP-ar, men først no har bandet gitt ut det første albumet. Som namnet vitnar om, kjem denne trioen frå Los Angeles, og den californiske stemninga er til å ta og føle på. Det er solfylt og varmt, lummert og innhylla i eksos.

Dette er på den eine sida nostalgisk 60-tals garasjerock, surferock med seig, motorisk bassing og sløvsinna piggtrådgitarar – passande musikk til køyreturar gjennom allear av importpalmar, med basstrommepedalen som gasspedal, trommeskinna er solbrente. Men under overflata, bak tåka av vegstøv og eksos, lurer eit lumsk mørke. Plata opnar med ei eigesjuk mordballade kalla «Kill My Baby Tonight», framført med halvvrengt, slurande vokal. Musikken til L.A. Witch kunne passa som lydspor til ein moderne westernfilm regissert av David Lynch og Quentin Tarantino i tvibeite.

Den store mengda livespelingar har gjort dei tre medlemmene – Ellie English på trommer, Irita Pai på bass og Sade Sanchez på gitar og vokal – svært samspelte. Fleire av låtane på albumet har blitt utgjevne i andre variantar i løpet av dei siste åra, men debutalbumet har late vente på seg. Låtmaterialet har fått mogne, bandet har tatt seg tid til å gå nokre rundar i studio for å fange raffinementet, og resultatet er framifrå.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis