Irene Tillung i
XL-format fungerer
Tillung har teke med seg det sarte melodiske frå trioane sine.
Folkemusikk
Irene Tillung
med ti på taket:
Hildersyn
Irene Tillung, akkordion, akkordina; Erik Sollid, hardingfele; Ragnhild Lien og Isa Caroline Holmesland, fiolin; Anders Hall, bratsj, oktavfele; Lise Voldsdal, fele, bratsj; Kaja Fjellberg Pettersen, cello; Mathias Eick, trompet; Ellen Brekken, bass; Pål Hausken, trommer.HEILO HCD7322
Som proff musikar har Irene Tillung stort sett halde seg til dei intime besetningane. Trioane Maar (med Ellen Brekken og Pernille Frøholm) og Tindra (med Åshild Vetrhus og Jorunn Marie Kvernberg) er båe institusjonar i folkemusikkleiren.
No kastar ho seg ut på djupt vatn. Den som inkje vågar, inkje vinn. Ein tentett med seks strykarar er ikkje ei vanleg besetning. Tillung har skrive og arrangert all musikken. Alle ni komposisjonane har forankring i folkemusikktradisjonar. Det vekslar mellom «lydarslåttar» og det rytmiske – stort sett kjent og kjært, men også litt meir intrikat, som i «Aobakle». Som oftast nyttar Tillung strykarane til å skapa dynamikk og/eller utvida den klanglege paletten, men ho kan òg nytta delar av orkesteret i nydelege melodiske flettverk, som i den elegant oppbygde «Djerve steg» og den vemodige «Neomarsj», der Pål Hausken syner kvifor han er eit naturleg val på trommer til slik musikk.
Tittellåten er eit lyrisk stykke i rubato tempo med Mathias Eick og Irene Tillung i ein melodisk tête-à-tête med ein hypnotisk intro av kapellmeisteren. Det er i desse augneblinkane at plata er på sitt aller mest vellukka. Heldigvis dominerer desse augneblinkane stort. Tillung kom ikkje berre heilskinna frå stupet frå 10-meteren. Stupet var til og med elegant.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?