Her er det komponisten Erland Dahlen som er i fokus.
Jazz
ERLAND DAHLEN:
Clocks
Erland Dahlen, trommer, perkusjon, xylofon, elektronikk, gitar og tangentinstrument.
HUBRO HUBROCD2595
Det er med eit enormt arsenal av instrument at Erland Dahlen legg ut på denne musikalske aleineturen. Konseptet er ei vidareføring av plata Dahlen kom med for to år sidan, Blossom Bells. Med Clocks har Dahlen lagt alen til den kunstnarlege utviklinga si.
«Filmmusikk»
Dette er ikkje soloplata til den forsmådde trommeslagaren som endeleg skal få visa fram alle triksa sine. Ein finn ikkje lag på lag med intrikate rytmemønster. Nei, dette er komposisjonar som dreg vekslar på melodi- og harmonielementet i like stor grad som på klang og rytme. Dette er komposisjonar med filmmusikkens kvalitetar. Musikken har ei assosiasjonskraft som gjer han til «filmmusikk» utan film. Ein kan sikkert drage fram filmmusikkskaparar som Dahlen er inspirert av, men først og fremst er han ei original stemme med noko viktig på hjartet.
Klangkvalitetar
Sjølv om Dahlen nyttar seg av musikkens verkemiddel på brei basis, er det ikkje til å koma forbi at klanguniverset hans er prega av ei nerdete interesse for klangkvalitetar som ligg i nær sagt alt som kan nyttast som perkusjonsinstrument. Denne oppdagartrongen, kombinert med evna til å bruka han på smakfullt vis, er den fremste kvaliteten ved Clocks. Å smelta saman det akustiske med det elektroniske er også noko som gjer plata heilstøypt. Det sistnemnde er tittelkuttet eit glimrande døme på.
Dette er ei plate for fleire enn trommeentusiastane.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast
jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
ERLAND DAHLEN:
Clocks
Erland Dahlen, trommer, perkusjon, xylofon, elektronikk, gitar og tangentinstrument.
HUBRO HUBROCD2595
Det er med eit enormt arsenal av instrument at Erland Dahlen legg ut på denne musikalske aleineturen. Konseptet er ei vidareføring av plata Dahlen kom med for to år sidan, Blossom Bells. Med Clocks har Dahlen lagt alen til den kunstnarlege utviklinga si.
«Filmmusikk»
Dette er ikkje soloplata til den forsmådde trommeslagaren som endeleg skal få visa fram alle triksa sine. Ein finn ikkje lag på lag med intrikate rytmemønster. Nei, dette er komposisjonar som dreg vekslar på melodi- og harmonielementet i like stor grad som på klang og rytme. Dette er komposisjonar med filmmusikkens kvalitetar. Musikken har ei assosiasjonskraft som gjer han til «filmmusikk» utan film. Ein kan sikkert drage fram filmmusikkskaparar som Dahlen er inspirert av, men først og fremst er han ei original stemme med noko viktig på hjartet.
Klangkvalitetar
Sjølv om Dahlen nyttar seg av musikkens verkemiddel på brei basis, er det ikkje til å koma forbi at klanguniverset hans er prega av ei nerdete interesse for klangkvalitetar som ligg i nær sagt alt som kan nyttast som perkusjonsinstrument. Denne oppdagartrongen, kombinert med evna til å bruka han på smakfullt vis, er den fremste kvaliteten ved Clocks. Å smelta saman det akustiske med det elektroniske er også noko som gjer plata heilstøypt. Det sistnemnde er tittelkuttet eit glimrande døme på.
Dette er ei plate for fleire enn trommeentusiastane.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast
jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?