Forest Swords’ uttrykk er fram- og fortidsretta på same tid.
Elektronisk
Forest Swords:
Compassion
Ninja Tune
Den britiske artisten Matthew Barnes lagar elektronisk musikk under pseudonymet Forest Swords. Compassion er den andre LP-en hans, og det musikalske uttrykket er mørkt, med slektskap til klubbmusikksjangrar som trip-hop, techno og dub.
Moderne stilelement blir blanda med samplingar frå nær og fjern – stundom læt det austleg, somme tider som lydsporet til eit vikingtokt i eit alternativt univers, ofte med krigstrommeaktig perkusjon, kraftfulle blåsar- og strykararrangement og vokalliner samansette av oppklipte korsamplingar. Resultatet er ei plate full av motsetnader, som på same tid læt overdådig dramatisk og avslappande hypnotisk.
Ifølgje pressemeldinga er plata «ein respons til den tvitydige, aggressive nye verda vi opplever og kommuniserer i», og rett nok tangerer Forest Swords tematikk tematikken ein finn att i dagens science fiction: Blandinga hans av det gamle og det nye har mykje til felles med Kenji Kawais musikk til filmatiseringane av cyberpunksoga Ghost in the Shell, og i fjor sette han musikk til In The Robot Skies, ein spekulativ kortfilm om forholdet mellom menneske og maskin filma utelukkande med dronar. Musikkvideoane bringar tankane i retning postapokalyptiske soger som Mad Max og dataspelet Horizon: Zero Dawn, der mennesket har vendt tilbake til stammesamfunnsstrukturar – på godt og vondt. Compassion, på si side, er ei utelukkande god plate.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Elektronisk
Forest Swords:
Compassion
Ninja Tune
Den britiske artisten Matthew Barnes lagar elektronisk musikk under pseudonymet Forest Swords. Compassion er den andre LP-en hans, og det musikalske uttrykket er mørkt, med slektskap til klubbmusikksjangrar som trip-hop, techno og dub.
Moderne stilelement blir blanda med samplingar frå nær og fjern – stundom læt det austleg, somme tider som lydsporet til eit vikingtokt i eit alternativt univers, ofte med krigstrommeaktig perkusjon, kraftfulle blåsar- og strykararrangement og vokalliner samansette av oppklipte korsamplingar. Resultatet er ei plate full av motsetnader, som på same tid læt overdådig dramatisk og avslappande hypnotisk.
Ifølgje pressemeldinga er plata «ein respons til den tvitydige, aggressive nye verda vi opplever og kommuniserer i», og rett nok tangerer Forest Swords tematikk tematikken ein finn att i dagens science fiction: Blandinga hans av det gamle og det nye har mykje til felles med Kenji Kawais musikk til filmatiseringane av cyberpunksoga Ghost in the Shell, og i fjor sette han musikk til In The Robot Skies, ein spekulativ kortfilm om forholdet mellom menneske og maskin filma utelukkande med dronar. Musikkvideoane bringar tankane i retning postapokalyptiske soger som Mad Max og dataspelet Horizon: Zero Dawn, der mennesket har vendt tilbake til stammesamfunnsstrukturar – på godt og vondt. Compassion, på si side, er ei utelukkande god plate.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.