JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Eklektisk elektronika

Den nye plata til Four Tet er avlappande og gir ny energi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1575
20171013
1575
20171013

Elektronika

Four Tet:

New Energy

Text Records

Gjennom ein snart tjue år lang karriere har briten Kieran Hebden lefla med sjangerelement lånt frå postrock, frijazz, hiphop og folkemusikk frå både her og der. (Enkelte har kalla musikken hans «folktronica».) Og han har samarbeidd med artistar som improvisasjonsmusikktrommeslagaren Steve Reid og Radiohead. Four Tet er ein elektronikaartist av det eklektiske slaget.

Musikken på New Energy er langt mindre monoton enn den framifrå førre plata, Morning/Evening frå 2015, som var samansett av to meditative, langstrekte spor baserte på subtile variasjonar av repeterande motiv. Det vi får her, er 14 låtar på eitt til åtte minutt kvar. Inspirasjonen frå housemusikk er stadig sterkt til stades, med mjukt pumpande basstrommer og fengjande snuttar framførte med eksotiske strengeinstrument, snerten perkusjon, ordlaus, oppklipt bakgrunnsvokal, avslappande bassliner og syntar, med ei rekkje samplingar det ikkje alltid er godt å seie kvar kjem frå.

I minidokumentarfilmen Looking Backward, Moving Forward avslører Hebden at enkelte av samplingane han brukar, kjem rett ut or dagleglivet hans. Han trur at dersom musikken er bygd rundt ei «ryggrad av røynd», vil lyttaren få ei kjensle av det personlege, sjølv om det ikkje nødvendigvis er uttalt kva kjelda til det ein høyrer, er. Filosofien ser ut til å fungere: Resultatet denne gongen er ei roande plate som gir ny energi.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis