JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Ein saumlaus meditasjon

Eternal Recurrence er ei håpefull plate.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1571
20171020
1571
20171020

Pop

Deradoorian:

Eternal Recurrence

Anticon

Den armenskætta amerikanske artisten Angel Deradoorian, kjend for samarbeid med mellom andre Flying Lotus og Dirty Projectors, gav ut debutalbumet som soloartist i 2015. Expanding Flower Planet fusjonerte indie, verdsmusikk og 60-talsaktig psykedelisk rock med islett av elektronika og kunne minne litt om 60-talsduoen Silver Apples.

Der mykje av musikken på Expanding Flower Planet var basert på heftig rytmikk, er Eternal Recurrence ein musikalsk meditasjon med mange pusterom. Musikken sklir saumlaust av garde frå song til song, frå start til slutt: Dei tre første spora tar form av svevande lydteppe med mantraliknande vokalbruk og bardunaktige akkompagnement, luftige fløyter og bjølleklang. Her finst ingen trommer, men desto fleire bjøller, gongar og cymbal. Tredjesporet «Ausar Temple» er laga berre med slik metallisk perkusjon, før vi flyt vidare gjennom dei tre siste spora som er songar av det meir fengjande slaget, lette å syngje.

Kombinasjonen av det akustiske og elektroniske, mellomaldermadrigalaktige og tibetansk tempelliknande, gir det heile ein eim av hårband og blomar. Dette er ei plate prega av det åndelege, der kjærleiken spelar hovudrolla. Og det er kan hende nett det vi treng no når haustmørket kjem krypande, og verda ser ut til å bli styrt via ordkrig på Twitter. Eternal Recurrence er eit heilskapeleg og vågalt album som smør øyregangane med lyden av håp.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis