Cornelius er lettfordøyeleg eksperimentell easy listening frå Japan.
Eksperimentell pop
Cornelius:
Mellow Waves
Rostrum Records
Den japanske artisten og produsenten Keigo Ayamada er betre kjend under artistnamnet Cornelius. Det kan hende mest kjende albumet hans, Fantasma frå 1997, er ei plate med skarpe kontrastar, der forsiktig popvokal uanstrengt vert sidestilt med piggtrådgitarar i harmonisk kakafoniske arrangement som kan minne om Beach Boys, Pet Sounds og eksperimentell støymusikk på same tid.
Adjektivet mellow tyder noko à la mjuk, fyldig, overstrømmande, flytande, og opplevinga av ei gjennomlytting av Cornelius’ nye album Mellow Waves kan beskrivast omtrent slik. Kontrastane er framleis til stades, må vite, berre grundigare elta saman. Her er dissonansen godt kamuflert bak eit lappeteppe av easy listening, lettsindig pop og new age-musikk.
Når hissige gitararpeggioar snik seg inn mellom lydbølgjene frå sløve leikeorgel og luftige trommer, eller dissonerande gitarsoloar vert spikra på leikne bossanovariff, er det nesten så ein gløymer å tenkje over at noko utanom det vanlege går føre seg. Men uvanleg er det, berre på ekstremt lettfordøyeleg vis.
Omslagsbiletet syner eit kroppsleg, bølgjande brystlandskap, og det er noko varmt og moderleg, gyngande og svevndyssande med musikken, som inkluderer samplingar av måkeskrik. I skrivande stund sit eg ved ein fjord på vestlandskysten, og musikken passar godt til landskapet. Takka vere samansmeltinga av kontrasterande element, det nostalgiske og nyskapande, det dullande og utfordrande, fungerer han truleg som sumarleg lydspor dei fleste andre stader òg.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Eksperimentell pop
Cornelius:
Mellow Waves
Rostrum Records
Den japanske artisten og produsenten Keigo Ayamada er betre kjend under artistnamnet Cornelius. Det kan hende mest kjende albumet hans, Fantasma frå 1997, er ei plate med skarpe kontrastar, der forsiktig popvokal uanstrengt vert sidestilt med piggtrådgitarar i harmonisk kakafoniske arrangement som kan minne om Beach Boys, Pet Sounds og eksperimentell støymusikk på same tid.
Adjektivet mellow tyder noko à la mjuk, fyldig, overstrømmande, flytande, og opplevinga av ei gjennomlytting av Cornelius’ nye album Mellow Waves kan beskrivast omtrent slik. Kontrastane er framleis til stades, må vite, berre grundigare elta saman. Her er dissonansen godt kamuflert bak eit lappeteppe av easy listening, lettsindig pop og new age-musikk.
Når hissige gitararpeggioar snik seg inn mellom lydbølgjene frå sløve leikeorgel og luftige trommer, eller dissonerande gitarsoloar vert spikra på leikne bossanovariff, er det nesten så ein gløymer å tenkje over at noko utanom det vanlege går føre seg. Men uvanleg er det, berre på ekstremt lettfordøyeleg vis.
Omslagsbiletet syner eit kroppsleg, bølgjande brystlandskap, og det er noko varmt og moderleg, gyngande og svevndyssande med musikken, som inkluderer samplingar av måkeskrik. I skrivande stund sit eg ved ein fjord på vestlandskysten, og musikken passar godt til landskapet. Takka vere samansmeltinga av kontrasterande element, det nostalgiske og nyskapande, det dullande og utfordrande, fungerer han truleg som sumarleg lydspor dei fleste andre stader òg.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?