JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Både vidareføring og brot med tradisjonen er ein del av overleveringa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2135
20170602
2135
20170602

FOLKEMUSIKK

Aslak Brimi:

ette’ Lykkja

Ta:lik

For to år sidan gav Ta:lik ut CD-en Gudbrandsdalen. Slåttar frå Lom, med opptak frå NRKs folkemusikkarkiv. Då eg den gongen melde plata i Dag og Tid, var det Ola T. Moløkken (1871­–1957) som gjorde mest inntrykk. Og det er nettopp denne spelemannen all musikken på den nye plata til Aslak Brimi (som vart kåra til årets folkemusikar i 2016) er kjelde til.

Medan spelet til Moløkken skilde seg ut frå mange av dei andre spelemennne frå regionen, med si mjuke melodiføring og kroppsleggjorde tonalitet, er det noko meir institusjonelt over spelet på denne plata. Men også her er spelet mjukt og vakkert, og tradisjonstruskapen er ein klingande verdi. Dessutan vert denne verdien språkleg artikulert av Brimi sjølv, som i tekstheftet skriv: «Far min var på si fyrste øving i spelemannslaget i 1955. Det var òg den siste til Ola Moløkken. Tomrommet etter Ola fylte seg etter kvart med nye og dugande spelemenn.»

I kulturforskinga skil ein gjerne mellom «tradisjonalistar», som dyrkar det som vert vidareført etter som tida skrid, og «sosialkonstruktivistar» som hevdar at tradisjon er noko som vert skapt i samtida. Skilnaden mellom lyden av Moløkken og lyden av Brimi, er eit godt døme på at både vidareføring og brot er ein del av traderingsprosessen. Samstundes som ein kjenner att Moløkkens «gamle» spel, dominerer eit perfeksjonistisk speleideal som gjer at dette kling annleis. Men når det er sagt, lyt eg, og alle som lyder på folkemusikkplater, likevel spørja seg om det er spelemåten eller opptaks- og produksjonsteknologien som gjer at me tykkjer dei same melodiane kling ulikt.

Brimi spelar for det meste solo, men det førekjem òg samspel med felekollega Bjørn Kåre Odde, trekkspelar Geir Thorud og Gudbrandsdølenes spelemannslag. Alle desse framføringsformene høyrer med til repertoaret av folkemusikken, slik han er verdsett i Gudbrandsdalen. Og det er framifrå utført, samstundes som det tirrar den kritiske sansen.

SIGBJØRN APELAND

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis