Musikalsk mimring

Framsteg har sin pris, òg for hornistar.

Utsnitt frå J.M.W. Turners (1775–1851) måleri «The Fighting Temeraire, tugged to her last berth to be broken up, 1838».
Utsnitt frå J.M.W. Turners (1775–1851) måleri «The Fighting Temeraire, tugged to her last berth to be broken up, 1838».
Publisert

Eit interessant måleri pryder omslaget til hornisten Steinar Granmo Nilsen og pianisten Kristin Fossheims nye plate med romantisk hornmusikk: J.M.W. Turners «The Fighting Temeraire». Kvifor nett dette måleriet? Nilsens informative omslagstekst røper det ikkje. Fantasien min er likevel kveikt, for det høver så godt – av to grunnar.

Det fyrste har med klangfargen til hornet å gjera, som – når det blir spelt så bra som her – læt djupt romantisk. Klangen varierer mellom det kraftfullt direkte og det dulde og drøymde, eit uttrykksspenn me finn att i romantikaren Turners fargebruk. Det andre som gjer måleriet så passande, har med teknologi og melankoli å gjera, med framstegsoptimisme versus ambivalent attersyn. Dette krev nærare forklaring.

Teknisk framsteg

Nilsen skriv at 1800-talet for hornistane var ein kamp om sjela til instrumentet deira. Det gamle «naturhornet» frå 1700-talet var svært enkelt konstruert – som eit samankveila alpehorn, berre i messing, ikkje i tre. Det er vanskeleg å spela melodiar på slike horn, særleg i det djupe registeret, der ein berre får fram einskilde tonar (naturtonane).

Dette endra seg med oppfinninga av «ventilhornet» på byrjinga av 1800-talet. Ventilane gjorde at ein fekk langt fleire tonar til rådvelde, i tillegg til at klangen blei jamnare gjennom heile registeret. Eit teknisk framsteg for ei ny tid, altså. Men den nye, glatta klangen – gjekk han ikkje på kostnad av det særeigne ved hornet som instrument?

Svanesong

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement