Metal frå Nairobi

Duma lagar durabeleg metal i den kenyanske undergrunnen.

Publisert

Eg visste lite om metal frå det afrikanske kontinentet før eg slumpa til å slå på den uavhengige nettradioen NTS.live midt under ei spesialsending om det Nairobi-baserte bandet Duma for nokre veker sidan. Duma, ein duo samansett av Martin Khanja (òg kjend som Lord Spike Heart) og Sam Karugu, er mellom anna inspirert av det svenske death metal-bandet Bloodbath, men musikken deira slektar meir på grindcore, ein stilart der dei drygaste delane av metal, industrial og hardcore punk er fusjonert (Napalm Death er kan hende det mest kjende bandet innan sjangeren).

Men dette er ikkje din daglegdagse grindcore. Duma handsamar stilelement frå sjangeren og skubbar han vidare med stor kraft. Her blir intenst gitararbeid og hjarteskjerande skrike- og brølevokal i tillegg til spoken word miksa i hop med borande trommemaskiner, svevande synthar, industrielle samplingar og innslag av tradisjonell afrikansk perkusjon. Komposisjonane er prega av kontante skifte i tempo og dynamikk, og resultatet er intenst og svært medrivande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement