Musikk
Mellom Setesdal og London
Kim Rysstad flørtar uhemma med kommersiell julemusikk.
Sjangerblanding er eit sjølvsagt fenomen for svært mange av dagens yngre musikarar. Men songaren Kim Rysstads kombinasjon av inspirasjonskjelder høyrer med til dei sjeldsynte: kveding frå Setesdal og smektande pop – med Whitney Houston som det store førebiletet. Og han er den einaste A-klassingen på Landskappleiken som har vore med i både Melodi Grand Prix og TV-programmet Beat for beat.
Men det underlege er at denne tilsynelatande umoglege kombinasjonen verkar tillitsvekkande når det er Rysstad som syng. Røysta er mjuk og boybandaktig, men har samstundes varsame detaljar henta frå kvedinga, som føreslag og frasering, og dette tilfører den vesle motstanden som skal til for at dette prosjektet ikkje tippar heilt over i ein preglaus amerikanisert julemusikktradisjon. For idyllisk og svulstig er det rett som det er i Peter Nordahls handverksmessig solid utførte orkesterarrangement. Her er spart på verken harpe, fløyte eller klokkespel.
I løpet av tre kvarter syng Rysstad ti julesongar på norsk, svensk og engelsk. Her er kristeleg og verdsleg, gamalt og nytt i fin blanding – frå «Det hev ei rose sprunge» til Abbas «Happy new year». Men dessverre har det gått fort i svingane når CD-omslaget skulle lagast, for det er til dømes ikkje opplyst kven som syng duett med Rysstad på «Besvärjelse», og heller ikkje kven som har laga songane. Difor må ein andre stader for å finna ut at platetittelen er ei linje frå Aslak Dørums urbane og rocka julesong «Stjernesludd», som dei fleste kjenner i Dum dum boys-versjonen. Men jamvel denne songen toler denne silkemjuke framføringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.