Mellom fragment og heilskap
Apneseth dreg vekslar på eit musikalsk A-lag.
Hardingefelespelar Erlend Apneseth har komponert musikken på albumet.
Foto: Oddleiv Apneseth
Erlend Apneseth er kanskje den unge musikaren som med størst hell har late seg inspirera av folkemusikken og skapt ny frisk musikk. På skuldrene til nestorar som Nils Økland og Unni Løvlid rett nok, men like fullt har det vore spanande å følgja Apneseth, spesielt trioen med Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde.
Her er han i selskap med eit større ensemble med musikk urframført i Kongsberg kyrkje på festivalen i fjor og spelt inn Ål kulturhus kort tid etter. Apneseth har samla eit knippe profilerte musikarar som i ulike samanhengar har spelt saman før, mellom anna har alle unnateke Urheim spelt i det store frijazzbandet Skadedyr. Målet til Apneseth var å få ensemblet til å dra i same kreative lei «i hovudsak ved å ikkje vera for kontrollerande», seier Apneseth i pressemeldinga.
Apneseth har lukkast i den forstand at bandet er i fokus, men du er aldri tvil om kven som er med. Komposisjonane til Apneseth er noko meir enn fragment, men langt frå utskrivne partitur. Gjennom arrangementa er musikarane i vekslande grad med på å setja bumerket sitt på musikken. Arrangementa har noko friskt og uferdig ved seg, uferdig i den forstand at det på neste konsert vil dukka opp nye element i arrangementa som vil ta musikken i ei litt anna retning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.