Musikk

Mellom det strenge og det frie

Ingebrigt Håker Flaten byr på fleire overraskingar på albumet Den signede dag.

Ingebrigt Håker Flaten.
Ingebrigt Håker Flaten.
Publisert

«Religiøse folketonar» er eit utydeleg omgrep: oppfunne av nasjonalromantikarane, skriftfesta av folkemusikksamlarane, kanonisert gjennom koralbøkene og sidan popularisert gjennom møte med andre musikksjangrar, frå jazz til pop.

Folkemusikkrørsla har vore oppteken av å påpeika at fenomenet dreier seg om ein syngemåte meir enn særskilde melodiar (eller praksis meir enn objekt – for å tala meir akademisk). Samstundes har fleire av dei fremste nolevande utøvarane av denne delen av kulturarven vår, til dømes Sondre Bratland, Åsne Valland Nordli og Berit Opheim, markert seg som formidlarar gjennom samarbeid med musikarar med bakgrunn i klassisk, jazz og amerikansk tradisjonsmusikk – berre for å nemna dei mest utbreidde inspirasjonane.

Overraskande

Såleis skulle ein kunna tru at når ein norsk jazzbassist av internasjonalt format – jamvel busett i Austin i USA – vender attende til sin barndoms Oppdal for å laga plate basert på lokale salmemelodiar, vil det skje gjennom nostalgisk og pynteleg ærefrykt. Men her er det mange overraskingar:

Den første overraskinga er songaren Gunvor Fagerhaug Gustavsen, som – etter det eg kan sjå – platedebuterer her. Ho framfører melodiane på enkelt, men effektivt vis, utan kjenslevar posering, overdriven ornamentering eller andre forstyrrande verkemiddel som understrekar utøvaren meir enn teksten/melodien som skal formidlast.

Den andre overraskinga er at musikarane, med bakgrunn i frijazz og andre eksperimenterande uttrykk, frå veteranen Joe McPhee til kollegaar frå det hardtslåande bandet Young Mothers, har ei så fleksibel tilnærming til materialet: frå disiplinerte og velorganisert arrangement til meir ekstatiske og rytmisk lause utblåsingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement