Meditativ tru og tvil
Stabat Mater er først og fremst ein kollektiv triumf.
Det er all grunn til å lytta når Mathilde Grooss Viddal er plateaktuell, enten det er som leiar for Friensemblet, eller som her, med eit heilt nytt ensemble. Målet med prosjektet er å musisera/improvisera rundt salmar, koralar, mantra, bøner og meditasjonar som er felles for alle kulturar, identitet og tru. Tid for ettertanke i ei elles fragmentert og uroleg verd, seier Viddal om utgjevinga.
Improvisasjon
Viddal serverer ikkje fikse idear og lettvinte løysingar. Prosjektet er det jobba med i ein treårsperiode. I utgangspunktet var det ein trio som spelte musikken, men musikk og besetning har endra seg undervegs. Det er naturleg, fordi improvisasjon er eit så viktig element i konseptet. Kyrkjetoneartar som grunnlag for improvisasjon er ikkje jazzen framand for, men her er det andre parameter som blir sterkt vektlagde, som til dømes dynamikken. Det at ensemblet ikkje har med verken akkordinstrument, bass eller trommer, gjer at klang og dynamikk står fram som musikalske berebjelkar.
Suiteliknande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.