Musikk
Lyrisk, lystig og burlesk
Hennig Sommerro gjev oss ei nyttig påminning om at sjangerinndelingane er upresise.
Det er slapp skriving å innleia ei platemelding med å sitera frå tekstheftet. Men i dette tilfellet er presentasjonen til Arild Hoksnes ei nødvendig påpeiking av det utilstrekkelege ved nemningane «folk», «populær», «klassisk» eller «seriøs», som me ofte tyr til når me skal snakka om musikk på ein enkel måte. Hoksnes skriv: «Dette er ein CD med populærmusikk som nektar å gi seg. (…) Dette er musikk det norske folk svinga seg til i dansen, eller lytta til i kvardag og fest. No er begge musikkformene ein liten nisje i musikklandskapet, med merkelappar dei lever godt med – folkemusikk og trekkspelmusikk.»
Henning Sommerro er sjølv eit musikkmenneske som har tufta heile karrieren – dersom ein skal ty til eit simpelt omgrep – på å snika seg unna alle desse estetiske idrettsgreinene han er ein meister i, men ikkje vil lata seg binda av.
to suitar
Dei to suitane på denne plata er båe tufta på noko som var omtykt musikk av mange (det såkalla folket), men no har vorte musikk for dei spesielt interesserte: Per Sæmund Bjørkum, som både er klassisk fiolinist og folkemusikar, er solist i verket, som er basert på repertoaret til Gudbrandsdalens store felespelar, Hans Brimi, og Jon Faukstad (med tilsvarande dobbelkompetanse) er solist i eit tilsvarande verk der fem av dei fremste nordiske trekkspelheltane (i ikkje-ironisk tyding), frå valsespelemenn til avantgardistar, er siterte og dermed hylla.
lystig og burlesk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.