JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Lyden

av byen

Kevin Morby er ein framifrå låtskrivar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2564
20170707
2564
20170707

Rock

Kevin Morby:

City Music

Dead Oceans/Playground

Lat oss stikke ned i sentrum! Invitasjonen har kanskje noko ordinært over seg, men ikkje når han kjem frå Kevin Morby, i «City Music», ei herleg feiring av byens lys og byens lydar. Om du nokon gong har stått der i døropninga, på veg over terskelen og ut i bynatta, og har vore meir enn klar for det som ventar deg der, vil du smile til det gitardrivne tittelsporet på City Music, som byrjar i spasermodus, hiv seg ut på dansegolvet, og endar i eit tilbakelent, tilfreds tempo – her fann denne lyttaren sommarlåten sin.

Osar urbanitet

Omslagsfotoet viser nett ein Morby i ei open dør, der han kastar eit blikk på seg sjølv i spegelen, i svartkvitt, under ein tittel som står skriven som med lyspærer over ei eller anna inngangsdør. Innhaldet held det innpakkinga lovar. Der førre utgiving, folkalbumet Singing Saw, som eg skreiv om på desse sidene i fjor sommar, hadde noko ruralt over seg, osar rocka City Music av urbanitet.

Likevel går det an å høyre ekko frå fleire av dei same artistane som på fjorårets plate, som Dylan og Cohen. Ei anna viktig inspirasjonskjelde er Lou Reed, som eg neppe er åleine om å høyre i «Tin Can», ein av fleire låtar her som sender tankane til New York, ein by som har vore viktig for Morby. Det var dit han drog då han flytta heimanfrå og tok til å spele i ulike band. City Music hentar fram fleire av impulsane som vart viktige i formative år i New York – høyr berre på hyllesten til The Ramones på «1234».

Tett samspel

Albumet er prega av tett samspel mellom eit lite knippe musikarar. Morby har med seg gitarist Meg Duffy og trommis Justin Sullivan, samt multiinstrumentalisten og produsenten Richard Swift, og treng knapt meir for å få dette til å høyrest ut akkurat som det skal.

Morby er ein framifrå låtskrivar, det var tydeleg nok på Singing Saw, og det vert berre endå klårare med dei tolv songane på City Music. Konseptuelt orienterte plater kan av og til få noko stivt og tvunge over seg, men slik vert det aldri med dette albumet. Det er herleg med ein artist som set seg så høge mål. Med «Downtown’s Lights» har Morby prøvt å skrive ein song slik Townes Van Zandt skreiv. I eit intervju med Robin Hilton på National Public Radio fortel han at han ville fortelje om ei tapt sjel, om eit menneske som har levd mange liv – om det niande livet til ein katt. Slik er også byen. Der nattehimmelen funklar for somme, er han mørk for andre.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis