JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Leikande og medrivande

Play What They Want byr på fem friske spor frå Man Forever med vener.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Man Forever alias John Colpitts.

Man Forever alias John Colpitts.

Man Forever alias John Colpitts.

Man Forever alias John Colpitts.

2917
20170526
2917
20170526

Rock

Man
Forever:

Play What They Want

Thrill Jockey

Det er ikkje så ofte vi omtalar plater der ein trommis står i sentrum, men når John Colpitts byr på fem nye låtar under artistnamnet Man Forever, på den passande ironisk titulerte Play What They Want, lèt vi ikkje sjansen gå frå oss.

Sjangerforvirring

Men først eit aldri så lite hjartesukk. For eit slit det kan vere å måtte stille med ei sjangernemning til musikkmeldingar! Sjeldan er det verre enn med tilfellet Man Forever: Ein sentral impuls for Colpitts er nett å fri seg frå kategoriane og orientere seg mot eit musikalsk uttrykk som er grunnleggande eklektisk. På Play What They Want mobiliserer han si eiga breie og svært så varierte erfaring frå eit kvart hundreår som viktig aktør i New Yorks musikkliv, anten det no er i samtidsmusikken, den improviserte musikken eller i rocken, og i eit uttrykk som heile tida er i rørsle, og som peiker i fleire sjangerretningar til same tid.

Rytmen står sentralt

Likevel er noko sams for dei fem eventyrlege spora på Play What They Want. Rytmen står naturleg nok sentralt, og musikarane er gjennomgåande framifrå, med eit mannskap som rommar Phil Manley (Trans Am), Mary Lattimore, harpisten Brandee Younger, bassist Brandon Lopez, pianist Sam Yulsman, Ben Lanz (Beirut, The National, Sufjan Stevens) og Quince Contemporary Vocal Ensemble.

Colpitts står i det heile fram som litt av ein musikalsk leiar, ikkje minst i eigenskap av valet av dei sentrale samarbeidspartnarane som kvar og ein er med på å definere spora sine på Play What They Want.

Fleire av dei er for New York-institusjonar å rekne: Ingen ringare enn Ira Kaplan og Georgia Hubley frå Yo La Tengo dukkar opp for å synge i den viltre, jazza rytmefesten som er opningssporet «You Were Never Here». Vesle «Debt and Greed» ber på umiskjennelege ekko frå tallause Brian Eno og David Byrne-samarbeid, ikkje minst i bruken av kor og blåsarar, og står med sine vel tre minutt fram som eit behageleg, vimsete kvileskjer. Og ein kunne ha fylt heile denne sida med eit essay om «Ten Thousand Things», som når ein slags kulminasjon i eksalterte elgitarkrumspring.

høgdEpunktet til slutt

Mykje å glede seg over, altså. Høgdepunktet kjem likevel i dei siste knappe tjue minutta av albumet, der «Twin Torches» leier til avsluttande «Catenary Smile». Det heile opnar i det korale, før Laurie Anderson dukkar opp, med gnistrande fiolin og dempa røyst, mot ein kvervelstraum av dundrande rytmar. Refererer tittelen «Twin Torches» til eit mellombels monument som lét to lysstrålar peike til himmels frå ruinane etter tvillingtårna som fall? Ikkje godt å seie. Men ein ting er sikkert: Det er sjeldan ein høyrer eit album som er så uredd, leikande, utforskande og medrivande som Play What They Want.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis