Låge frekvensar av høg kvalitet
Kim Gordons første soloplate er dominert av djupe frekvensar.
Kim Gordon i aksjon med bandet Sonic Youth at the Coachella Valley Music & Arts Festival.
Foto: Branimir Kvartuc / AP / NTB scanpix
For eit par veker sidan melde vi den nye plata til indierockveteranane Pixies. Visste du at vokalist-bassisten i Pixies heiter Kim Deal? Artig fakta: Ho deler både instrument og fornamn med vokalist-bassisten Kim Gordon, kjend frå støyrockpionerbandet Sonic Youth.
Sonic Youth braut opp mot slutten av 2011, og sidan den gong har Kim Gordon vore aktiv mellom anna med duoen Body/Head, som biletkunstnar og med ymse småroller i TV-seriar og filmar.
Og no er No Home Record her, ei plate som startar med djupe treblåsarharmoniar som får dure av garde på eiga hand i et par takter før Kim Gordons mørke altvokal skyt inn, etterfølgd av bass i endå djupare frekvensområde. Det låge dominerer i det heile teke Sonic Youth-bassistens første soloplate, og musikkvideoen til opningssporet Sketch Artist inkluderer dertil ein biltur med «Unter» (jamfør taxitenesta Uber) og dansarar som ligg lågt mot bakken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.