Kunstferdig intelligens
Holly Herndon utforskar musikkens menneskelege grenser.
Korleis høyrest songrøysta til maskinen ut? Det kan du få svar på om du lyttar til PROTO, det nye albumet til den eksperimentlystne artisten Holly Herndon, der Spawn, ein «nyfødd maskinintelligens», har fått ein eigen plass i det vesle ensemblet hennar.
Spawn prosesserer lyd og syng med, og på to av spora på albumet får du høyre korleis ho (Herndon brukar sjølv kvinnelege pronomen i omtalen av Spawn) så å seie vert trent opp, og tek nye steg mot ei eiga røyst, ei famling som (i alle fall i mine øyre) får noko underleg vakkert over seg.
Teknofuturistisk
PROTO er ei utgiving i vår tid, ikkje berre fordi ho høyrest så oppdatert teknofuturistisk ut, men også fordi ho løftar fram fleire av dei presserande spørsmåla om forvaltninga vår av planeten og naturressursane. «Extreme Love» verkar, med ei forteljande barnerøyst, som ein slags framtidsmeditasjon i møtet med den antropocene epoken, utan at det vert så dystopisk som ein kunne frykte.
Den siste tida har eg tenkt ein del på korleis manipulasjon av menneskerøysta vert nytta som estetisk verkemiddel i musikken. Lambchops album av året, der Kurt Wagner utforskar vidare kva bruken av autotune kan tilføre hans eigen variant av americana, førte meg nok ein gong tilbake til fleire av platene til Brian Eno og vidare til den islandske komponisten Jóhann Jóhannssons verk.
På «Odi et Amo», opningssporet på Englabörn (2002), gjer Jóhannsson, som diverre gjekk bort i fjor i ein alder av 48 år, bruk av ei kontrastrik, vakker og interessant samansmelting av element: Over ein strykekvartett framfører ein tenor eit dikt som den romerske poeten Catullus skreiv til elskaren Lesbia. Den lyse røysta deklamerer dei originale linene på latin – tittelfrasen tyder noko slikt som «eg hatar og eg elskar» – men verselinene får passere gjennom ein vokoder og dermed finn ein ny sci-fi-elegi form.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.