Kraft og ynde

Andreplatesyndromet pregar ikkje trioen i det heile.

Publisert

Den bergensbaserte pianisten Eivind Austad er ute med den andre trioplata si, også denne gongen med god hjelp frå Magne Thormodsæter og Håkon Mjåset Johansen. Her har han funne to musikarar som kler uttrykket, og som også har eit heilt spesielt forhold seg imellom. Plata er tvers igjennom krydra med små samspelsdetaljar mellom bass og trommer.

Bowie

Austad har skrive sju av dei åtte låtane, men som på forgjengaren Moving (2015) har han funne plass til ein David Bowie-låt, «Space Oddity», det som etter kvart blei tittellåten på den andre plata til Bowie. Komposisjonane er meir varierte enn sist, og trioen har jobba fram ei form på låtane som vitnar om ein særs lyttande og utforskande arbeidsmåte. Tittellåten «Northbound» er eit strålande døme på dette, og er eitt av høgdepunkta. Musikken er spelt inn for 13 månader sidan i Gunnar Sævigs sal på Griegakademiet i Bergen. Pianoklangen er både mektig, nær og sprudlande.

Klokketru

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement