Klar melding
Slagferdige songar frå Stella Donnelly.
Stella Donnelly trollbatt publikum med stemme og kassegitar både i Bergen og Oslo i august.
Foto: Bruce Baker / Wikipedia
Rock
Stella Donnelly:
Beware of the Dogs
Secretly Canadian
«You only like me when I do my tricks for you», heiter det i «Tricks», ein nøkkellåt på australske Stella Donnellys nye album, Beware of the Dogs. Songen insisterer på retten til ikkje å vere så sjølvutslettande medgjerleg og kjem med velretta spark mot nokre av artistens landsmenn òg.
I eit intervju med DIY oppunder jul fortalde Donnelly kor griselei ho kjende seg av livet som vokalist i eit coverband som spelte på oppdrag i bryllaup, på bedriftsfestar og liknande tilstellingar der ho ofte fekk uønskt merksemd frå menn i publikum. Ei kort pressemelding som følgde «Tricks» då songen kom ut for noko sidan, stadfestar at han ikkje minst var ei lita helsing til idiotane som hadde ropt og skrålt til Donnelly dei søndag ettermiddagane ho måtte bruke på å spele «Wonderwall» til døde.
Klar melding
Det var fleire som fekk med seg Donnelly då ho var innom både Oslo og Bergen seint i august i fjor, og viste seg som ein av desse sceneartistane som kan klare å trollbinde eit konsertpublikum åleine med ein kassegitar. Donnelly veit dessutan å lage ein låt med klar melding. «Boys Will Be Boys», ein song om valdtekt skriven i 2016, gjorde henne breitt kjend då han vart nettpublisert av Pitchfork, noko som førte til at Donnelly fekk ei massiv mengd hatmeldingar frå alskens kokande sinte, kjellarmørke troll.
Songen var å finne på EP-plata Thrush Metal, som nådde endå fleire gjennom ei amerikansk relansering ved selskapet Secretly Canadian, etter at utgivinga først kom ut på Healthy Tapes våren 2017. Då Donnelly vitja South By Southwest i Austin i fjor på denne tida, hadde ho vorte eit av namna mange merka seg.
På Beware of the Dogs, spelt inn i Freemantle i nærleiken av heimbyen Perth, er halvparten av songane framførte åleine med gitaren. Resten er akkompagnerte av eit tett, basisk rockeband, med Jennifer Aslett på bass, Talya Valenti på trommer og George Foster på gitar – eit smart grep, for det har vorte rett så variert og dynamisk over 13 songar.
Velretta spark
Dei som har sett pris på Donnellys godt plasserte spark før, vil heller ikkje verte skuffa no, for dei dukkar opp fleire stader på Beware of the Dogs. Meldinga i «Old Man» peilar godt inn tidsskiftet metookampanjen har ført med seg: «You grabbed me with an open hand/ the world is grabbing back at you/ oh, are you scared of me, old man?»
Ikkje overraskande har Donnelly nemnt låtskrivarar som Billy Bragg og Courtney Barnett som inspirasjonskjelder, førstnemnde fordi han forankrar det politiske engasjementet sitt i forteljingar frå kvardagen, sistnemnte fordi ho lagar treffsikker, lakonisk verbalrock.
Stella Donnelly lagar songar som går rett inn i samtida vår. Beware of the Dogs slår hardt – og slår rett.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement