Musikk

Kammermusikk frå Lom

Vev er sterkast i dei vare og gjennomsiktige partia.

Publisert

FOLKEMUSIKK

Aslak Brimi er ein av våre fremste folkemusikkutøvarar på vanleg fele – noko som mellom anna resulterte i at han vart kåra til «årets folkemusikar» under Folkelarm 2016. Brimi har si musikalske grunnopplæring frå Lom spelemannslag og har systematisk arbeidd med å tileigna seg den eldre folkemusikken i regionen. Men samstundes er han, som så mange av unge folkemusikarar, oppteken av nyare samspelsformer.

Instrumentering

Det er inga overrasking at sambygdingen Bjørn Kåre Odde (fele/bratsj) er ein del av kvartetten. Men elles er instrumenteringa på denne plata nokså uvanleg: Gitarist Espen Wensaas, som like ofte spelar cister, tilfører eit barokkliknande preg, medan lyden av Svein Tore Werstad sin barytonsaksofon minner om jazz, sjølv om han i staden for å briljera med virtuose soloar, stor sett tek ansvar for basslinene.

Stilblanding

Mange av dei nye folkemusikkonstellasjonane dyrkar stilblanding, og mykje av inspirasjonen er henta frå Sverige, der jamming og gruppespel har ei lengre historie enn hjå oss. Opningssporet «Källmann» er eit typisk døme på dette, men frå neste spor, «Metakjelda» tek musikken ei anna retning: Dette er ein springleik Brimi har skrive til inspiratoren Ola Grøsland, og her ligg nyansane i frasering og samspel nærare klassisk musikk enn den feststemte folkemusikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement