Jol på rogalandsvis

Åshild Vetrhus har gjort eit fint utval julesalmar.

Publisert

Ruth Anne Moen har samla inn eit enormt folkemusikkmateriale som er å finna på Ryfylkemuseet. I 1999 gav ho ut ei bok med jolesalmane i dette materialet med tittelen Den yndigste rose – julesalmar frå arkivet. Det følgde ein CD med boka der Åshild Vetrhus var ein av vokalistane. No har ho fått med seg Ulvo og Barrikmo til å arrangera og spela inn elleve av desse julesalmane.

Nokre av tekstane skulle vera kjende for folk flest. Både Luther, Kingo, Blix, Landstad og Brorson er med, men storparten av dei snirklete og vakre melodiane finn ein ikkje i salmeboka. Med det trioen får ut av materialet, verkar det likevel som tekst og musikk er skapte for einannan. Sjølv om tekstane er trykte i heftet som ligg ved, er det aldri problem å oppfatta teksten.

Dei nedstrippa arrangementa er med på å forsterka merksemda tekstane får. Det gjev plata eit uventa, men spanande perspektiv. I Brorsons «I denne søde juletid» heiter det: «Vi vil af ganske Sjælemagt/ I Aanden os forlyste;/ Din lov skal høres, Frelsermand,/ Saa vidt og bredt i Verdens Land,/ At Jorden den skal ryste.» Dette er alt anna enn den sorglause julegleda som pregar eit land på velferdstoppen anno 2020. Musikarane formidlar dette «doble» perspektivet på glimrande vis. Dette er eit perspektiv som med litt ulike nyansar går som ein blå tråd gjennom heile plata.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement