Jims miks
Ei ny plate med coverversjonar byr på eit møte med lyttaren og tolkaren Jim James.
Eit møte med tolkaren Jim James er òg eit møte med lyttaren James, skriv Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Å tolke ein song er ei eiga form for hyllest. Dette er nok tanken bak tittelen Jim James har gitt Tribute to Vol. 2, eit nytt album der My Morning Jacket-frontmannen løftar fram eit knippe nøye utvalde personlege favorittar.
Det dreier seg om eit triveleg album, som plateselskapet meiner «dirrar av håp og gjer grenser i tid og mellom sjangrar utydelege». Det er eigentleg ei ganske presis skildring av plata. Eit møte med tolkaren James er også eit møte med lyttaren James, eit aldri så lite essay om musikken som har forma han som låtskrivar og artist.
Dette vil ikkje overraske nokon som har lytta til platene James har laga med My Morning Jacket, som i seg sjølv har vitna om brei forståing av tradisjonen. Versjonen av Willie Nelsons «Funny How Time Slips Away» er på sitt vis eit uttrykk for ein påverknad vi har høyrt før, i James’ eigne komposisjonar.
Sjølv ein så utspelt song står fram som noko nytt på Tribute to Vol. 2, og det er noko av ein prestasjon. James klarer seg med ein kassegitar, men syng slik at songens særeigne miks av det melankolske og det lakoniske faktisk kjem endå sterkare fram enn i Nelsons original.
Godt anslag
Som så ofte før likar James ein god dose klang i produksjonen, ikkje minst når han set seg ved pianoet og tek det heile heilt ned med Sonny & Cher-songen «Baby Don’t Go» (1964), ei nydeleg tolking. Peisvarm og mjuk er også versjonen av «I’ll Be Your Baby Tonight» (1967), ein av Dylans minst komplekse, men også mest hjartevarme, komposisjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.