Hybridens triumf
Eit særs vellukka møte mellom folkemusikk og jazz.
Stein Urheim (t.v), Tore Brunborg, Berit Opheim, Steinar Raknes og Kåre Opheim møtest i folkemusikk og jazz.
Pressefoto
Dette prosjektet blei urframført på Gamlekinoen på Vossa Jazz 24. mars 2018. Det blei eit av høgdepunkta på festivalen og fekk mykje vellæte frå meldarkorpset. I januar i fjor var bandet attende på gjerningsstaden med innspelingsutstyr og Tor Magne Hallibakken som teknikar. Prosjektet var godt gjennomarbeidd på urframføringa, og innspelinga har dei nytta til å stramma opp og gjera særtrekk ved arrangement tydelegare.
Etter ei segn
Hildo er etter segna (og Knut Bjørgås) ei kyrkjeklokke som hang i Vangskyrkja, og som klang så vakkert at bergensarane absolutt ville låna henne. Det gjekk som det måtte gå, ut på Bolstadfjorden kvelvde båten, og Hildo fór til botnars. Denne visa, som truleg er den yngste i samlinga, innleier plata med i alt åtte kutt.
Berit Opheim har funne fram til materialet, og Tore Brunborg har hatt hovudansvar for arrangementa, men her er det endelege resultatet jobba fram kollektivt. Visene er omarbeidde i svært ulik grad. På den gamle travaren «Finnesloftet» ligg det innleiingsvis eit bass- og trommekomp og pulserer, før Urheim diskret fargelegg med gitaren. Brunborg utviklar eit melodiøst og temanært kor som han og Opheim utviklar til eit alternativt tema, før Opheim vender attende til utgangspunktet.
Hypnotisk
Lenger vekke frå utgangspunktet bevegar dei seg med «Springar». Sjølv om Opheim aldri lèt oss vera i tvil om røtene, er stykket ein glitrande jazz- og folkemusikkhybrid. Høgdepunktet på plata er likevel den kjenslevare «Venerus». Duetten mellom Opheim og Raknes er enkel og hypnotisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.