Hybridens triumf
Eit særs vellukka møte mellom folkemusikk og jazz.
Stein Urheim (t.v), Tore Brunborg, Berit Opheim, Steinar Raknes og Kåre Opheim møtest i folkemusikk og jazz.
Pressefoto
Folkemusikk/Jazz
Tore Brunborg og Berit Opheim:
Hildo
Berit Opheim, vokal; Tore Brunborg, saksofonar og piano; Stein Urheim, gitarar; Steinar Raknes, bass; Kåre Opheim, trommer. HEILO
Dette prosjektet blei urframført på Gamlekinoen på Vossa Jazz 24. mars 2018. Det blei eit av høgdepunkta på festivalen og fekk mykje vellæte frå meldarkorpset. I januar i fjor var bandet attende på gjerningsstaden med innspelingsutstyr og Tor Magne Hallibakken som teknikar. Prosjektet var godt gjennomarbeidd på urframføringa, og innspelinga har dei nytta til å stramma opp og gjera særtrekk ved arrangement tydelegare.
Etter ei segn
Hildo er etter segna (og Knut Bjørgås) ei kyrkjeklokke som hang i Vangskyrkja, og som klang så vakkert at bergensarane absolutt ville låna henne. Det gjekk som det måtte gå, ut på Bolstadfjorden kvelvde båten, og Hildo fór til botnars. Denne visa, som truleg er den yngste i samlinga, innleier plata med i alt åtte kutt.
Berit Opheim har funne fram til materialet, og Tore Brunborg har hatt hovudansvar for arrangementa, men her er det endelege resultatet jobba fram kollektivt. Visene er omarbeidde i svært ulik grad. På den gamle travaren «Finnesloftet» ligg det innleiingsvis eit bass- og trommekomp og pulserer, før Urheim diskret fargelegg med gitaren. Brunborg utviklar eit melodiøst og temanært kor som han og Opheim utviklar til eit alternativt tema, før Opheim vender attende til utgangspunktet.
Hypnotisk
Lenger vekke frå utgangspunktet bevegar dei seg med «Springar». Sjølv om Opheim aldri lèt oss vera i tvil om røtene, er stykket ein glitrande jazz- og folkemusikkhybrid. Høgdepunktet på plata er likevel den kjenslevare «Venerus». Duetten mellom Opheim og Raknes er enkel og hypnotisk.
Det er mange aspekt ved innspelinga som ein kan gleda seg over. Kåre Opheims perkusive tilnærming til trommespelet gjer at han klangleg er hand i hanske med Urheim. Brunborg spelar med lågmælt autoritet plata gjennom, og Opheim formidlar dei ulike laga i teksten med ei overtyding berre ho kan. Det er i slike stunder jazz- og folkemusikkfolket bør samlast rundt leirbålet til felles lytting.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.