Halle i sentrum
Gunnar Halle stel rampeljoset i mangfaldig utgjeving.
Gunnar Halle er ein av mange interessante trompetistar som har dukka opp her til lands i kjølvatnet til Nils Petter Molvær og Arve Henriksen. Felles for desse trompetistane er at dei legg stor vekt på å utforska tonekvalitetane i hornet.
Halle hadde tilhald i København i ein tiårsperiode i forlenginga av utdanninga, og diskografien omfattar innspelingar med ei rekkje sentrale danske band. No er han for lengst attende i Oslo, men samarbeider på jamleg basis med nordiske musikarar. Det er ikkje lengst i mellom utgjevingane til Halle, men denne må sjåast på som ei oppfølging til Istanbul Sky (2015).
Dei ni låtane er alle komponerte av Halle sjølv og er ei fin blanding av bastante rockelåtar og melodiøse balladar. Bruken av to trommesett, der Finsrud er å høyra i høgre kanal og Holte i venstre, er med på å gje musikken den solide forankringa. Trass i dette er musikken overraskande gjennomsiktig og tilgjengeleg. Ein del av musikken og trompetspelet til Halle kan faktisk minna om det Miles Davis gjorde på tampen av karrieren. Låten som kanskje summerer opp alt dette er «Rommet er ikke rundt».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.