¿ Germania

Lunit Riebel syng romansar frå Friedrich Nietzsches gymnastid i 1860-åra.

Frå Nietzsches romanse «Ungewitter» med tekst av Adelbert von Chamisso.
Frå Nietzsches romanse «Ungewitter» med tekst av Adelbert von Chamisso.
Publisert

Lytt til artikkelen:

At Friedrich Nietzsche var ein ivrig amatørkomponist, blei eg tilfeldigvis merksam på for nokre år sidan. Ein sykkeltur utanfor Leipzig aust i Tyskland førte meg gjennom heimbygda hans, Röcken. Like ved 1100-talskyrkja, der han blei døypt og gravlagd, ligg prestegarden der han blei fødd. I dette huset, som er gjort om til eit lite museum, blei det spelt romantisk musikk over høgtalaranlegget. Dette var komposisjonar av bygdas store son, kunne museumsvakta stolt fortelja.

Brorskap

Då vakta merka at entusiasmen hans smitta, gav han meg med CD-en Meine Seele ist das Lied eines Liebenden (Sjela mi er songen til ein elskande). Her syng den tyske sopranen Lunit Riebel romansar for song og klaver som Nietzsche komponerte ved landsgymnaset Schulpforta i nabobyen Naumburg. Det tekniske nivået på framføringa kunne vore høgare, særleg gjeld dette intonasjonen til songaren. Klaverspelet til ukrainske Anna Kiritsjenko er det derimot ingen ting å seia på.

I Naumburg, i ruinane av ei mellomalderborg, skipa sekstenåringen i 1860 brorskapen «Germania» saman med to vener. Dei forplikta seg til å levera dikt, komposisjonar og små avhandlingar som så blei drøfta i plenum medan dei drakk billeg, lokal raudvin. Ei av Nietzsches tidlegaste avhandlingar, Über das Dämonische in der Musik (Om det demoniske i musikken), blei til i denne tida.

Schubertsk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement