JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Gamle songar

om igjen

Jeff Tweedy ser seg tilbake.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3064
20170623
3064
20170623

Rock

Jeff Tweedy:

Together At Last

dBpm/Anti-

Eit lite pust i munnspelet, og så er Jeff Tweedy i gang med sin stillfarande versjon av «Via Chicago», opningssporet på det ferske, akustiske soloalbumet Together At Last. Lyttaren forstår raskt at vi denne gongen får eit møte med trubaduren – og ikkje bandleiaren – Tweedy.

Ikonisk rockelåt

«Via Chicago» er ein ikonisk rockelåt i Wilco-katalogen. I snart tre tiår har fansen nynna med til songen, som i dag er eit sjølvsagt innslag på alle konsertar med bandet, som i seinare år har dekonstruert komposisjonen ved å innføre nokre eruptive støysekvensar som får publikum til å kveppe i fryd. Men på Together At Last dreg Tweedy «Via Chicago» tilbake til sitt tidlegaste opphav, til den songen han laga med kassegitaren i fanget for knapt tjue år sidan.

Together At Last er spelt inn i Wilcos loftsstudio i Chicago, og vert den første i ein ny serie, Loft Acoustic Sessions, der Tweedy nytolkar eigne låtar, og (i alle fall i dette tilfellet) strippar dei for orkestrering og arrangement. Saman med «In a Future Age» og «I’m Always In Love» gjer «Via Chicago» Summerteeth (1999) til den mest representerte utgivinga på albumet.

Somme vil kjenne Tweedy frå dette formatet frå før. Han har halde ei rekkje solokonsertar opp gjennom åra, og det er nok fleire enn meg som har lytta til konsertrekkja han la ut for sal frå heimesida til Wilco for nokre år sidan. I 2006 kom dessutan konsertfilmen Sunken Treasure som samla opptak frå fem konsertkveldar den vinteren.

Breidde og variasjon

To av dei elleve songane på Together At Last kjem frå plater Tweedy har laga utan Wilco. «Laminated Cat» tilhøyrer Loose Fur, det fabulerande bandet han hadde saman med Yankee Hotel Foxtrot-produsent Jim O’Rourke (2002) og Wilco-trommis Glenn Kotche, medan «Lost Love» kan sporast tilbake til musikkollektivet Golden Smog.

Breidde og variasjon ser elles ut til å ha styrt låtvalet. «Dawned On Me» frå The Whole Love (2011) er med, det same er tittellåten på Sky Blue Sky (2007). Wilcos to beste plater, Yankee Hotel Foxtrot og A Ghost Is Born (2004), er totalt representert med fire spor.

Together At Last bryt på mange måtar songane til Tweedy ned til essensen, til den indre strukturen av ord og melodi, og vitnar om dei store kvalitetane som har vore ein konstant over tid. Men albumet står også fram som ei påminning om korleis Wilcos musikk har vorte kjenneteikna av musikarane som har vore med på å utforme og utsmykke Tweedys låtar opp gjennom åra, og, ikkje minst, om konsertbandet Wilco slik det står fram i dag – eit tett og samspelt orkester der summen er større enn dei store delane. Eg kosar meg, men tek meg likevel i å sakne Mikael Jorgensens elegante piano på «Hummingbird», Nels Clines gitarspel som har prega konsertversjonar av både «Muzzle of Bees» og «Ashes of American Flags», og Glenn Kotches avant-rock-rytmefest på «I’m Trying to Break Your Heart». For nokre låtar, for eit band.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis