Full gass

Arcade Fire fornyar arenaformatet.

Florence Welch kom hoppande ut på scenen og framførte ein forrykande versjon av den herlege «Dog Days Are Over» på konserten i London førre fredag.
Florence Welch kom hoppande ut på scenen og framførte ein forrykande versjon av den herlege «Dog Days Are Over» på konserten i London førre fredag.
Publisert

Det mangla ikkje på spetakkel då Arcade Fire bana seg veg gjennom folkemengda i SSE Arena og fram mot scenen førre fredag kveld. Walter Murphys discoversjon av Beethovens femte dundra ut av høgtalarane, det glitra frå kulene i taket og ei djup showrøyst skulle få oss til å tenkje at vi var på boksekamp, ikkje på konsert.

Eit artig rabalder, spekka med ironiske showbusinessfakter, før vi var hovudstups på veg inn i opninga på fjorårets Everything Now, og moroa kunne ta til for alvor. For det skal dette bandet verkeleg ha, dei gir full gass frå startstreken og heile vegen inn til mål.

Allsong

Repertoaret veksla fint mellom dei fem studioplatene bandet har laga, med særleg vekt på den siste og på den første, Funeral (2004), som også denne kvelden med rette fekk ein markant plass. Den avsluttande publikumsfavoritten «Wake Up», styrkte med ekstrahjelp frå musikarar frå Preservation Hall Jazz Band, fekk heile arenaen til å duve i ein allsong som heldt fram på gata utanfor etterpå.

Fredagskvelden var den tredje av tre kveldar i London, og alle i rommet visste at Chrissie Hynde og Jarvis Cocker hadde dukka opp onsdagen og torsdagen. Kven skulle dukke opp i kveld? Midtvegs kom brått Florence Welch (Florence + the Machine) hoppande ut på scenen for å framføre ein forrykande versjon av den herlege «Dog Days Are Over» (2009). Og ikkje nok med det. Jammen kom sjølvaste Boy George innom for å synge «Karma Chameleon» (1983) og gjorde konserten om til åttitalsfest ei lita stund.

Strålande grep

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement