Friksjon
Det gneistrar av Engegårdkvartetten når dei spelar Schumann.
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2006.
Foto: Espen Mortensen
CD
Robert Schumann:
Piano Quintet; Piano Quartet
Engegårdkvartetten; Nils Anders Mortensen, klaver. LAWO 2019.
Jamføring: Jerusalem
Quartet / Melnikov
(Harmonia Mundi 2012)
Soloklaver og strykekvartett (to fiolinar, éin bratsj og éin cello) har kvar for seg eit rikhaldig uttrykksregister. Om ein kombinerer desse to besetningsformene, aukar ein òg uttrykket: Ein får klaverkvintetten, ei erkeromantisk form som Robert Schumann var fyrst ute med å utnytta til fyllest. Dette hende i hans kammermusikalske raptusår 1842, då begge stykka på plata til Engegårdkvartetten og pianisten Nils Anders Mortensen blei til: Klaverkvintett i Ess-dur, op. 44 og Klaverkvartett i Ess-dur, op. 47.
Det finst mange gode innspelingar av verka, men spesielt godt likar eg den Jerusalem Quartet kom med i 2012. Korleis står albumet til nordmennene seg i høve til den?
Dolce
Lat oss byrja med kvintetten, med fyrstesatsen «Allegro brillante». I hovudtemaet, som byrjar med kraftige gestar uttrykte gjennom stigande akkordblokker, opplever me Schumann på sitt mest optimistiske, ja, nærast maniske. Det gneistar av Engegårdkvartetten, som set kvassare aksentar og har vidare ensembleklang enn Jerusalem-kvartetten.
Jamfør konvensjonen i slike satsar er sidetemaet kontrasterande. Det er ein lengtande dialog mellom cello og bratsj som Schumann vil at skal spelast «dolce», altså «mjukt». Korleis gjer ein det? På den eine sida kan ein få til dette mjuke reint klangleg, ved å halda att når det gjeld dynamikk og artikulasjon, noko Engegårdkvartetten gjer. Men ein kan òg få det til gjennom fraseringa – jo friare og bøyelegare fraseforminga er, desto mjukare blir inntrykket, og på dette punktet syner Jerusalem Quartet rikare nyansar.
Poetisk sparsemd
Andresatsen «In modo d’una marcia», som skal spelast som ein marsj, er for meg ikkje berre den finaste delen av kvintetten, men noko av det mest gripande i heile Schumanns œuvre. Det fyrstesatsen har av «Werther-aktig» patos, blir her kontrastert med eit uttrykk prega av poetisk sparsemd. Dei to ensembla har litt ulike tilnærmingsmåtar til satsen. Engegårdkvartetten fokuserer på å halda klangen samla, noko som jo høver seg for ein marsj, medan Jerusalem-kvartetten lét einskildinstrumenta tre tydelegare fram or ensembleklangen. Begge deler fungerer fint.
Det andre stykket på plata er ein klaverkvartett, altså klaver kombinert med stryketrio (høvesvis éin fiolin, bratsj og cello). Spesielt godt likar eg finalen, som Schumann har komponert i kontrapunktisk, Bach-inspirert stil. Engegård-strykarane og pianisten Mortensen spelar satsen meir enn raskt nok, men utan at det lèt friksjonslaust.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.