Frå Jonathans loft
Jonathan Wilson er tilbake i sin barndoms dal.
Jonathan Wilson har laga eit nytt album som kjem ut 6. mars.
Foto: Unger Anthon / AP/ NTB scanpix
Ein dag sit du der med boksen med polaroidfotografi, og minna i sepia stikk i deg, om faren med bilen og mora med flaska ho delte med deg, og då gjer tanken seg gjeldande: Hugs å fortelje dei kor glad du er i dei når du har dei der, ein gong til, og så ein gong til.
Den bittersøte nostalgien i «’69 Corvette» er eit høgdepunkt på Jonathan Wilsons nye album Dixie Blur, sjølve provet på at ein liten song kan opne seg som ei øskje du leitte fram på eit nedstøva loft.
Luksuriøs vellyd
Når Wilson har dukka opp på desse sidene rett som det er dei siste åra, er det fordi han har vore produsent på fleire plater eg har løfta fram, av artistar som Father John Misty, Laura Marling og – ikkje minst – på Roger Waters-utgivinga Is This The Life We Really Want? (2017), noko som gav han ein sentral plass på turneen som følgde, der han meir eller mindre tok på seg den potensielt noko krevjande rolla som David Gilmour då dei framførte Pink Floyd-materialet.
Det dreier seg altså om ein mann som både er ein framifrå musikar og ein medrealisator av dei sterke kunstnarlege visjonane til andre artistar. Og ganske rett: Dixie Blur er ei plate full av luksuriøs vellyd, nydeleg framført av Wilson sjølv og eit framifrå knippe musikarar i studioet Sound Emporium i Nashville. Særleg vil eg trekkje fram det Mark O’Connor bidrar med på fele, eit element som løftar songar som til dømes nett «’69 Corvette» til eit nytt nivå. Medprodusent Pat Sansone (Wilco) har også spela ei sentral rolle.
«’69 Corvette», som fekk følgje av ein tilhøyrande musikkvideo med amatørfilm frå familiearkivet, vitnar om ein sjølvbiografisk og beint fram personleg impuls som har vore viktig for Wilson i arbeidet med både ord og tone på Dixie Blur. Dette er også reflektert i ei slags tilbakevending frå Los Angeles, der han har budd og arbeidd dei siste 15 åra, til ein sørstatskontekst – Wilson voks opp i North Carolina.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.