Før papparocken
Wilco leverer årets nyutgåve.
Wilcos signatur er å smelle til i startgropa.
Foto: Marina Chavez
Rock
Wilco:
Being There: Deluxe Edition
Rhino/
Warner
Var det med Being There, andreplata Wilco kom ut med hausten 1996, at Jeff Tweedy (då 29 år, no 50) viste at bandet var i stand til å lage rockens beste opningslåtar?
Skranglete «Misunderstood» høyrer framleis ut som sjølve lydleggjeringa av ei kjensle av framandgjering: I løpet av seks og eit halvt minutt går det frå å ulme til å eksplodere – i ein song som tjue år seinare står seg særs godt i ein kvalitetstung katalog. Det sprakar i kvar tone.
Å smelle til i startgropa vart bandets signatur, også på plater som Yankee Hotel Foxtrot (2001) og A Ghost is Born (2004), som vert innleia med songar som det er vanskeleg å førestelle seg platene utan. «I Am Trying To Break Your Heart» og «At Least That’s What You Said» innevarsla komplekse, utprøvande rockealbum der Tweedy og co. skrudde om på det meste, utan å miste rockehjartet, etter at dei hadde vist seg som overkvalifiserte poprocksnikkarar med Summer Teeth (1999).
Rikt låtunivers
Rikhaldige Being There vitnar tydeleg nok om kva som var i gjære. Å lage eit dobbeltalbum utan verkeleg svake punkt var ein kraftprestasjon, og det opna opp det vide og breie americanalandskapet Wilco har boltra seg i sidan. Fem album har komme etter A Ghost is Born, alle gode, sjølv om perioden frå midten av 1990-talet til midten av 2000-talet står i ei særstilling i Wilco-samanheng. Ertelystne lyttarar har henta fram omgrepet «dad rock», for dei no smått aldrande – men knapt sedate – mannfolka i Wilco har gjort seg til standardleverandør av kvalitetsmusikk til ein foreldregenerasjon som for tjue år sidan var ungdomsgenerasjon.
Haustens deluxeutgåve av Being There demonstrerer til fulle både kor produktiv Tweedy var på midten av nittitalet, og kor høgt nivået var på alternative versjonar og materialet som vart liggande. Det dreier seg om eit rikt låtunivers som stadig er i rørsle, også no. Somme vil kjenne igjen «Capitol City», som hamna mellom stolane i 1996, men fekk nytt liv på The Whole Love (2011).
Stor låtskrivar
Det var først med Yankee Hotel Foxtrot eg verkeleg fekk auga opp for Wilco, ei plate som med ustyrleg eksperimenttrong fekk meg til å forstå at eg berre visste litt om kva rockemusikk kunne vere for noko. Plata var gripande, omveltande og smart, men manglar kanskje den rufsete sjarmen som kjenneteiknar Being There. Mest av alt antyda dobbelalbumet det vi no veit: at fyren som skreiv både «Sunken Treasure» og «Out of Sight, Out of Mind» kom til å verte ein av dei store låtskrivarane i vår tid.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?