Flyt
Etterlengta nye plater frå Kamasi Washington og Jon Hassell byr på to ulike typar flyt.
Kamasi Washington er ute med eit nytt, ambisiøst album.
Foto: Nick Walker
Jazz/Electronica
Her er saksofonist Kamasi Washington med ny plate igjen, tre år etter at han bles fletta av verda med debuten, storverket The Epic, eit snart tre timar langt trippelalbum det gjekk gjetord om. Dobbelplata Heaven and Earth er ikkje stort mindre ambisiøs. Det omfattande mannskapet rommar eit band som overstig dusinet, og både orkester og kor må til.
Overskridande
Heaven and Earth går hardt ut og opnar med ein knyttneve, i form av det kontante førstesporet «Fists of Fury» – ei påminning om kvifor somme har peika ut Washington som «jazzrøysta til Black Lives Matter.» Dwight Trible og Patrice Quinn dukkar begge opp på vokal, og orda er utvitydig konfronterande, i eit krav om ikkje berre rettferd, men også velplassert straff.
Dette sosiale og politiske alvoret hindrar ikkje musikken i å vere energisk oppløftande, ikkje minst når Cameron Graves, som har spelt med Washington sidan dei berre var gutane, dukkar opp på piano, med ein solo som liksom får alt til å lette.
Platetittelen Heaven and Earth passar godt, sidan dette prosjektet både er estetisk forankra i det jordnære og i lengten etter det frie og overskridande. Washingtons eklektiske, spirituelle og søkjande afroamerikanske musikk byr på rikeleg med flyt og er av sorten som når ut breitt og vidt. Musikaren har alt rukke å bli ein institusjon i Los Angeles, og den sentrale rolla på Kendrick Lamars To Pimp a Butterfly (2015) sikrar han lyttarar utover jazzpublikumet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.