JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Florence

Juanita Stein har laga «ein ode til Amerikas mørke hjarte».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2657
20170811
2657
20170811

Rock

Juanita
Stein:

America

Nude/Border

Du har nok sett kvinna i fotografiet før, men veit kanskje ikkje at namnet hennar var Florence Owens Thompson (1903–1983)?

No har ho fått sin eigen song, ho og det ikoniske biletet Dorothea Lange (1895–1965) tok av henne i 1936, «Migrant Mother». «Florence», opningssporet på Juanita Steins fine, nye album America, står fram som ein mangetydig hyllest til kvinna som kjempa for å fø borna sine, fotografen som dokumenterte kampen, og kvinner verda over som møter uoverstigelege utfordringar i vår eiga tid.

Immigrasjonspolitikk

Vel 80 år etter at Lange fanga armoda i «dei harde trettiåra» i eit bilete av ein fortvila, innbiten erteplukkar, manglar det verken på fattige eller fordrivne menneske, heller ikkje i USA. Det er ikkje mange vekene sidan The New Yorker rapporterte om konsekvensane av Trumps feilslegne immigrasjonspolitikk, som ifølgje retorikken skal ramme kriminelle, gjengar og dopseljarar, men som i realiteten øydelegg livet til mange kvinner som ikkje passar i nokon av desse kategoriane, mellom dei fire mødrer reporter Sarah Stillman fortel om i «The Mothers Being Deported By Trump».

Juanita Steins album nærmar seg på ulike vis variantar av den tynnslitne, men enno mektige, førestillinga om «den amerikanske draumen». America er likevel ikkje først og fremst er eit prosjekt drive fram av sosialt samvit, men snarare av ei interesse for «det amerikanske» som kunstnarleg motiv. I eit presseskriv fortel Stein at ho ville lage «ein ode til Amerikas mørke hjarte».

Høg kvalitet

Ikkje ulikt Haley Fohrs Jackie Lynn-plate frå ifjor, men mindre estetisk radikalt, brukar Stein det amerikanske landskapet, slik vi kjenner det frå kunsten og populærkulturen, til å lage eit knippe nye stemningar og forteljingar. «I’ll Cry» kunne ha passa godt inn i verda vi ofte møter i filmografien til Twin Peaks-aktuelle David Lynch. På fengjande «Someone Else’s Dime» minner Stein meg om Kathleen Edwards (ein artist det har vore stille frå altfor lenge). «Not Paradise» byr på ein elegant referanse til Cohens låt «Paper Thin Hotel» (1977).

Juanita Stein vil vere kjend for somme frå bandet Howling Bells, og mellom musikarane på America finn vi til dømes Gus Seyffert, sist høyrt på Roger Waters’ plate av året, og tidlegare kjend frå samarbeid med mellom andre Beck og Ryan Adams. Seyffert har også produsert plata. Handverket er av høg kvalitet, både musikalsk og lyrisk. America er knapt nyskapande, men eit stilsikkert, elegant sjangeralbum har det vorte.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis