Engelsk jul

Besetning og repertoar skil desse to albuma frå kvarande. Men klangidealet har dei sams.

Musiserande englar i Vittore Carpaccios (ca. 1460–1526) «Jesu framstilling i tempelet» frå Accademia-galleriet i Venezia.
Musiserande englar i Vittore Carpaccios (ca. 1460–1526) «Jesu framstilling i tempelet» frå Accademia-galleriet i Venezia.
Publisert

Lytt til artikkelen:

CD

Den engelske korklangen er noko for seg sjølv. Sjølv om kora er temmeleg store, har både tonen og artikulasjonen ein særeigen klåre ved seg. Ofte er det òg ei utsøkt likevekt mellom stemmene, der dei i høgt lægje – tenorane og sopranane – ikkje får dominera heilskapen. Eg innbiller meg at dette idealet kan førast attende til den engelske gutekortradisjonen. I gutekor vil jo toppstemma, altså den mjuke, sylvskimrande gutesopranen, sjeldan dominera lydbiletet på same måte som vaksne, kvinnelege sopranar gjerne gjer.

Det er sjølvsagt ikkje slik at alle engelske kor strevar etter dette klangidealet. Men dei to kora som står bak julealbuma me her skal drøfta, innfrir i alle høve forventningane til engelsk særpreg. Albuma skil seg frå kvarande både i besetning og i repertoar: På det fyrste syng eit blandakor – stundom akkompagnert av orkester – gamal og ny julemusikk på engelsk. Det andre albumet er reint a capella, med eit gutekor som framfører renessansemusikk til latinsk tekst.

Blandakor

Christmas Night. Carols of the Nativity er namnet på The Cambridge Singers’ album, der repertoaret spenner over seks hundreår. Som opning får me ein svingande 1800-talsversjon av In dulci jubilo, 1300-talssongen me kjenner som «Eg synger jolekvad». Dei yngste komposisjonane er av dirigenten John Rutter, som grunnla dette koret i 1981. Det mest kjende stykket hans på plata er Nativity Carol frå 1963, som han òg har skrive teksten til. Orgelakkompagnementet i originalversjonen er her arrangert for orkester og blir spelt med ovstor innleving av City of London Sinfonia. Det slår meg kor konservativ denne typen engelsk kormusikk er, for når det gjeld harmonikk og dissonansbruk, har ikkje mykje endra seg sidan Johannes Brahms sysla med same besetning for 150 år sidan. Stykket læt vakkert – veldig vakkert – så vakkert at eg berre orkar nyta slikt ved juletider.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement