Elektronisk melankoli
Com Truise uttrykker lengt gjennom syntetiske lydteppe.
Elektronisk musikk
Com
Truise
Persuasion System
Ghostly International
Den amerikanske produsenten og designaren Seth Haley, betre kjend under aliaset Com Truise, lagar musikk metta med nostalgiske lydar som manar fram sterke kjensler av det tjukkaste 1980-talet. Har ein sansen for nostalgien ein finn i TV-serien Stranger Things, eller film- og filmmusikkskaparen John Carpenters faktiske produkt av 80-talet, vil ein med høgt sannsyn setje pris på Com Truises estetikk.
Det kan vanskeleg seiast at Com Truise fornyar stilen sin på Persuasion System. Her er det snarare tale om raffinering. Vi får høyre meir av det denne karen er god til – store, syntetiske lydteppe med merkeleg organisk dynamikk og komposisjon, der det er smurt tjukt på med sentimentalitet. (Artistnamnet er trass alt ikkje berre eit ordspel, men òg eit uttrykk for lengt.) Og det kjennest godt.
Persuasion System er Com Truises mest raffinerte verk til no – på godt og vondt. Den hypersyntetiske lyden er på den eine sida reindyrka, på den andre til forveksling steril, dersom ein ikkje vil høyre godt etter. Ein skal vite at dersom ein er ny i møte med denne prominente synthwavemakaren, kan det tenkjast at ein med fordel kan starte med eldre utgjevingar som Galactic Melt (2012), som er litt røffare i kantane, og In Decay (2012), der samanstillinga av det organiske og elektroniske er meir påtakeleg. Likar ein desse, vil ein òg ha ei hyggjestund med denne, slik denne meldaren har, har hatt og kjem til å fortsetje å ha.
Rasmus Hungnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Elektronisk musikk
Com
Truise
Persuasion System
Ghostly International
Den amerikanske produsenten og designaren Seth Haley, betre kjend under aliaset Com Truise, lagar musikk metta med nostalgiske lydar som manar fram sterke kjensler av det tjukkaste 1980-talet. Har ein sansen for nostalgien ein finn i TV-serien Stranger Things, eller film- og filmmusikkskaparen John Carpenters faktiske produkt av 80-talet, vil ein med høgt sannsyn setje pris på Com Truises estetikk.
Det kan vanskeleg seiast at Com Truise fornyar stilen sin på Persuasion System. Her er det snarare tale om raffinering. Vi får høyre meir av det denne karen er god til – store, syntetiske lydteppe med merkeleg organisk dynamikk og komposisjon, der det er smurt tjukt på med sentimentalitet. (Artistnamnet er trass alt ikkje berre eit ordspel, men òg eit uttrykk for lengt.) Og det kjennest godt.
Persuasion System er Com Truises mest raffinerte verk til no – på godt og vondt. Den hypersyntetiske lyden er på den eine sida reindyrka, på den andre til forveksling steril, dersom ein ikkje vil høyre godt etter. Ein skal vite at dersom ein er ny i møte med denne prominente synthwavemakaren, kan det tenkjast at ein med fordel kan starte med eldre utgjevingar som Galactic Melt (2012), som er litt røffare i kantane, og In Decay (2012), der samanstillinga av det organiske og elektroniske er meir påtakeleg. Likar ein desse, vil ein òg ha ei hyggjestund med denne, slik denne meldaren har, har hatt og kjem til å fortsetje å ha.
Rasmus Hungnes
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?