JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Ekte

Floyd

Roger Waters har laga det beste Pink Floyd-albumet sidan tidleg på 1980-talet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3157
20170602
3157
20170602

Rock

Roger
Waters:

Is This The Life We Really Want

Columbia/Sony

Twin Peaks flimrar frå TV-skjermen, og Roger Waters strøymer frå høgtalarane: Har eg klatra inn i tidsmaskinen og reist tilbake til tidleg på 1990-talet?

Eit kvart hundreår har nemleg gått sidan førre soloalbum frå Waters (73), Amused To Death (1992), om ein då ikkje reknar med operaen Ca Ira (2005), og no kjem han sanneleg ut med Is This The Life We Really Want. Er mannen relevant i 2017?

Ja, viser det seg. Fleire lesarar vil vite at Waters var den kreative drivkrafta bak Pink Floyd til tidleg på 1980-talet, då bandet gjekk i oppløysning, før David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright tok over prosjektet mot slutten av tiåret og i åra som følgde.

Tett på essensen

Men Waters var vel så tett på essensen av Floyd i soloutgivingar som The Pros and Cons of Hitch Hiking (1984), Radio K.A.O.S. (1987) og Amused To Death som ekskameratane hans var det på A Momentary Lapse of Reason (1987) og The Division Bell (1994). Gilmour har, med og utan Pink Floyd, laga mykje fin musikk, men av det mjuke, veldreidde slaget, av og til skjemd av dvask metafysikk og hang til nostalgi.

Waters’ megalomane trekk er veldokumenterte, men det er likevel ikkje til å komme forbi at vi kan takke hans store ego, og ditto temperament, for den intellektuelle og emosjonelle kjernen i det beste vi fekk frå Floyd-prosjektet. Is This The Life We Really Want plasserer seg endå nærare klassiske album som The Final Cut (1983) og The Wall (1979) enn tidlegare soloplater frå Waters.

Ny produsent

På 1980- og 90-talet samarbeidde Waters med produsentar som Patrick Leonard, Nick Griffiths, Ian Ritchie, og Michael Kamen, og det er freistande å tenkje at han kjem betre ut av det no, med Nigel Godrich (Radiohead), som har makta å mobilisere det Waters-Floydske på best tenkjelege vis.

Godrich har teke med seg trommisen Joey Waronker (Atoms for Peace), som gjer ein stor jobb på dette albumet. Ein annan viktig musikar her er Jonathan Wilson, særleg i dei songane som får dra litt ut – høyr berre på instrumentalpartia på ein låt som vedunderlege «Picture That».

Lydcollage

Godrich er også ein sentral instrumentalist på Is This The Life We Really Want, og har spela ei viktig rolle i å setje saman lydcollage til fleire spor, for her høyrer vi sjølvsagt dronemissil, hylande ulvar og BBC-opptak av ulikt slag, for å nemne noko. Ein song som «The Most Beautiful Girl In The World» kjem med strykarar og engelsk horn farleg nært ein Floyd-pastisj, både i melodi, arrangement og instrumentering, men dette er no eingong uttrykket Waters i si tid skapte, og han kan saktens tillate seg å reindyrke det, ikkje minst når han viser seg å vere så skarp og rett på i sin arge, kompromisslause politiske aktivisme, i flotte songar som «Déjà Vu», «Broken Bones» og «The Last Refugee». Faktum er at Roger Waters har laga det beste Pink Floyd-albumet sidan The Final Cut. Is This The Life We Really Want kjem til å skaffe dei gamle platene nye lyttarar.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis