Ekskursjon til eksotiske stader

Fantasien kan knekkje kapitalismens harde skall.

Publisert

No når dei fleste har ekstra heimetid, er det nok mange som fantaserer om andre stader. Då er det passande å ta ein lytt på ein type elektronisk musikk som manar fram imaginære plassar: Vaporwave-relaterte artistar som Equip, R23X og Lost Cascades lagar lydspor til dataspel som ikkje finst (andre stader enn i fantasien), og sist ute var sistnemnde.

Det latinske ordet exodus tyder utgang, og på albumet Exodus tek Lost Cascades oss med på ein fredsæl ekskursjon. Dette er ei spanande, men trygg reise driven fram av behagelege, runde syntetiske lydar over opne sletter og fjell, gjennom juv og dal og ei og anna hole.

Koronakrisa kastar ljos på hola i kapitalismen og avslører kor skjørt dette systemet faktisk er. No hender det vi har blitt fortalt var umogeleg: Økonomien kjem ikkje lenger i første rekke, og vi samarbeider om mål som gagnar andre og oss alle. Det syner at vi faktisk kan omkalfatre måten samfunnet er organisert på, for å stagge den komande klimaapokalypsen, sikre etterkomarane våre ein sunn planet og gjere slutt på sosial ulikskap og fattigdom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement