Eklektiske konsertar
Den franske komponisten Francis Poulenc (1899–1963).
CD
Francis Poulenc:
Concertos
Christian Ihle Hadland og Håvard Gimse, klaver; Kåre Nordstoga, orgel; Kringkastingsorkesteret; dir.: Tomas Søndergård og Peter Szilvay. Lawo 2019
På dette fine Francis Poulenc-albumet med Kringkastingsorkesteret får me tre konsertar med tre solistar: Fyrst Christian Ihle Hadland i den nette Klaverkonsert i ciss-moll (1949), der Poulenc leikar seg med russisk-romantiske melodiar og barokke rytmar. Så Hadland saman med Håvard Gimse i Konsert for to klaver i d-moll (1932), den med den smeikjande, Mozart-aktige andresatsen.
Og til slutt høgdepunktet, nemleg Orgelkonsert i g-moll (1938), som byrjar med blytunge orgelakkordar à la J.S. Bach. Slike stykke for stort orgel og orkester læt som om dei er for to orkester. For orgelet byr på så rike klangfargekombinasjonar at det i seg sjølv er som eit orkester. Samspelet som domorganist Kåre Nordstoga her får til med Kringkastingsorkesteret i Oslo domkyrkje, er lytelaust.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
CD
Francis Poulenc:
Concertos
Christian Ihle Hadland og Håvard Gimse, klaver; Kåre Nordstoga, orgel; Kringkastingsorkesteret; dir.: Tomas Søndergård og Peter Szilvay. Lawo 2019
På dette fine Francis Poulenc-albumet med Kringkastingsorkesteret får me tre konsertar med tre solistar: Fyrst Christian Ihle Hadland i den nette Klaverkonsert i ciss-moll (1949), der Poulenc leikar seg med russisk-romantiske melodiar og barokke rytmar. Så Hadland saman med Håvard Gimse i Konsert for to klaver i d-moll (1932), den med den smeikjande, Mozart-aktige andresatsen.
Og til slutt høgdepunktet, nemleg Orgelkonsert i g-moll (1938), som byrjar med blytunge orgelakkordar à la J.S. Bach. Slike stykke for stort orgel og orkester læt som om dei er for to orkester. For orgelet byr på så rike klangfargekombinasjonar at det i seg sjølv er som eit orkester. Samspelet som domorganist Kåre Nordstoga her får til med Kringkastingsorkesteret i Oslo domkyrkje, er lytelaust.
Sjur Haga Bringeland
Fleire artiklar
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.